Hopp til innhold

Alvorleg skadd i trafikkulukke

Ein mann i 70-åra er frakta til Haukeland Universitetssykehus i Bergen etter at han køyrde i fjellveggen ved Magnhildskaret i Bremanger.

Ulukke Bremanger

ULUKKE: Slik såg bilen ut etter ulukka i Bremanger. Foto: Lensmannen i Bremanger

Politiet fekk melding om ulukka klokka 1518. Like over klokka 16 var den 77 år gamle mannen frigjort.

Ulukka skjedde på riksveg 614 ved Myklebust, kring 1,5 kilometer nedanfor Magnhildskartunnelen.

Intensivbehandling ved Haukeland

Luftambulanse, brannvesen og politiet rykte ut til staden.

Ingen andre køyrety var inolvert i ulukka.

77-åringen låg fredag kveld til intensivbehandling ved Haukeland universitetssjukehus. Tilstanden var alvorleg, men stabil.