NRK Meny
Normal

Alvorleg skadd i trafikkulukke

Ein 73 år gammal mann vart i går kveld send til Haukeland universitetssjukehus etter ei trafikkulukke i Bjordal i Høyanger.

Redningsaksjons Bjordal

RYKTE UT MED HELIKOPTER: Både redningshelikopteret frå Florø og ambulansehelikopteret frå Førde blei sendt til ulukkesstaden i Bjordal.

Foto: NRK-tipsar

Ved Haukeland opplyser dei at mannen er alvorleg, men ikkje livstrugande skadd.

Politiet fekk melding om ulukka ved 23-tida onsdag kveld. Det var mannen sjølv som melde frå om hendinga via ein kamerat.

– Vi fekk melding om at ein bil hadde køyrt av vegen på ein stølsveg i Bjordal. Bilen låg vanskeleg til nede i ei skråning, og naudetatane måtte ha hjelp frå to helikopter og bakkemannskap, seier Ole Tom Nord, som er operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt i Florø.

Den 73 år gamle mannen var åleine i bilen, og vart slengt ut av bilen i samband med ulukka. Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka.

– Det er litt for tidleg å seie noko om. Det vil den vidare etterforskinga vise. Vi har så langt ikkje fått avhøyrt mannen, seier Nord.

Vegopning på Bergum i Førde kommune