NRK Meny
Normal

Mann (44) alvorleg skadd etter ulukke på E39

Ein 44 år gamal mann er alvorleg skadd etter ulukka på E39 ved Eikås onsdag ettermiddag. Varebilen han køyrde blei pressa ut mot den nye støypekanten langs E39 på Eikås.

Ulukke Jølster

SOLID TRØKK: Varebilen blei pressa ut mot den nye støypekanten som går langs E39 på Eikås i Jølster.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ulukka skjedde då ein varebil og ein lastebil kolliderte i den såkalla skulesvingen på E39 mellom Eikås og Vassenden om lag klokka 14 i ettermiddag. Vegen er no opna att for trafikk, men kan bli stengd i periodar utover kvelden i samband med Statens vegvesen si gransking av ulukka.

Etter det NRK kjenner til har varebilen på veg nordover truleg kome borti lastebilen på veg sørover. Varebilen skal så ha kome i klem mellom lastebilen og autovernet. Støypekanten på staden blei nyleg utbetra.

– Vedkommande blei frakta til Førde sentralsjukehus med redningshelikopteret, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ein 44 år gamal mann vart alvorleg skadd i ei trafikkulukke på E39 ved Eikås i Jølster i dag.

SJÅ VIDEO: Det var store krefter i sving under den alvorlege trafikkulukka. (FOTO/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

Den skadde mannen var sjåfør i varebilen.

Ventar på ulukkesgruppa

Vegen var stengd på staden, men det er no opna att for trafikk. Det danna seg lange køar på staden, men desse har løyst seg opp. Vegen kan bli stengd i korte periodar når ulykkesgruppen kommer fram, opplyser Statens vegvesen.

Ulukkesgruppa til Statens vegvesen er varsla om ulukka, og er venta til ulukkesstaden i løpet av ettermiddagen.

– Planen er å ha manuell dirigering forbi ulukkesstaden til ulukkesgruppa kjem fram. Om ein har kome i gang med dette er eg ikkje kjend med, seier Holme.

– Men vegen blir stengd att når ulukkesgruppa kjem fram?

– Det er korrekt. Det er ukjent kor lenge vegen då blir stengd.

Ulukke jølster

SAT FASTKLEMD: Føraren av denne bilen sat fastklemd i 45 minutt etter ulukka.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Kva er grunnen til at ulukkesgruppa er varsla?

– Vi har eigne rutinar for å varsle ulukkesgruppa når større køyretøy er innblanda. Det blir ikkje varsla når det er lettare personskade, men vi varsler når det er alvorlege. Så er det opp til dei om dei vil rykkje ut.

Saka blir oppdatert.

Laster kart, vennligst vent...

ULUKKE: Ein person set fastklemd etter ei trafikkulukke ved Eikås i Jølster.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen