Hopp til innhold

Alvorleg skadd etter kollisjon - tilstanden er stabil

Tilstanden til ein 13 år gammal gut er stabil etter at han vart operert for alvorlege skadar etter kollisjonen på riksveg 60 mellom Olden og Innvik i dag.

Begge køyretøy

STORE SKADAR: Begge køyretøya fekk store skadar i samanstøyten. Føraren av bubilen skal ha vore oppegåande etter ulykka.

Foto: Jogeir M. Agjeld

Guten vart operert ved Førde sentralsjukehus i kveld, og tilstanden er klokka 21.55 stabil, og guten er flytta over til intensivavdelinga, opplyser AMK.

Ein mann på 43 år er lettare skadd, og ligg på intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus. Ei 77 år gammal kvinne har brotskadar, men er stabil og ligg på intensivavdelinga ved same sjukehus.

To pasientar er sende til sjukehuset i Ålesund for behandling. For ein av desse, ein mann på 70 år, er tilstanden alvorleg, men ikkje livstrugande. Mannen har brotskader, og er stabil, men til observasjon.

Ein mann på 77 år har fått lettare skader i brystet, tilstanden er stabil, og mannen ligg til observasjon ved sjukehuset i Ålesund.

I 18.30-tida er bilbergar i ferd med å ta hand om køyretøya, og vegen vil bli opna for fri ferdsle så snart arbeidet er ferdig. Vegen har vore manuelt dirigert sidan klokka 17.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

ØYDELAGDE: Begge køyretøya vart heilt øydelagde etter kollisjonen. Foto: Jogeir M. Agjeld

Bubil og personbil kolliderte

Kollisjonen skjedde i på ein del av vegstrekninga som er utbetra på riksveg 60, mellom Frøholm og Holen, rett ved den nybygde Holentunnelen.

Personbilen, med fire tsjekkiske statsborgarar i, kolliderte med ein bubil, som kom køyrande i retning mot Innvik.

Bubilen vart kasta rundt og hamna i fjellveggen. Den andre bilen vart også kasta rundt, før han vart ståande på tvers i vegbana.

Føraren av bubilen skal ha vore oppegåande, medan dei fire i personbilen skal ha vorte mest skadde i smellen.

Ulykkesgruppa har vore på staden

Ein person sat ei stund fastklemd i personbilen, før brannvesenet klarte å få vedkommande laus.

Ulykkesgruppa til Statens vegvesen kom til staden i 17-tida for å gjere sine granskingar.

Det vert oppretta sak på ulykka av politiet.