Kvinne alvorleg skadd etter knivdrama i Hornindal

Politiet rykka laurdag kveld ut til ei leilegheit i Hornindal. Ei kvinne er alvorleg skadd etter eit knivdrama.

Laster kart, vennligst vent...
Eirik Hildal
Journalist

Klokka 02.05 natt til sundag kom AMK ved Førde sentralsjukehus med ei pressemelding om tilstanden til kvinna:

– Det er ei kvinne på 35 år. Tilstanden er alvorleg, men stabil. Kvinna gjekk rett til operasjon og vidare til intensivavdeling.

Uklart hendingsforløp

Politiet fekk seint laurdag kveld melding om husbråk.

– Vi har rykka ut til Hornindal, og kniv har vore involvert. Vi arresterte gjerningsmannen i leilegheita der det skjedde, opplyste politiets operasjonssentral til NRK klokka 23.10.

Gjerningsmannen er i 50-åra, og han vart pågripen utan dramatikk.

– Kvinna var medviten og kunne prate då ambulansepersonell tok ho med seg, sa politiet til NRK.

AMK ved Førde sentralsjukehus sa til NRK klokka 23.15 at det var meldt at kvinna skulle til legevakt med skadane ho pådrog seg, men at dei ikkje visste meir om tilstanden.

Politiet skreiv på loggen like etter klokka 23.40 at kniv vart meldt til politiet, men at det er usikkert om den vart brukt.

Etterforskinga held fram i morgon

Gjerningsmannen er arrestert, og saka vert etterforska ved Stryn og Hornindal lensmannskontor.

– Det vil ikkje verte gjort avhøyr av gjerningsmannen i natt, sa operasjonsleiar Trond Hatlenes hjå politiet til NRK klokka 00.25.

Politiet har førebels ikkje fleire opplysningar om bakgrunnen for hendinga eller kva som skjedde då kvinna vart skadd.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.