Hopp til innhold

Alvorleg skadd etter fallulukke i Lærdal

Ein mann på 29 år er alvorleg skadd etter ei fallulukke under klatring ved Jutlamannen i Lærdal. Vêret gjorde at det tok mange timar å få mannen til sjukehus.

Redningsaksjon Lærdal

REDNINGSHELIKOPTER: Kom til staden rundt klokka 19 og forlèt staden med mannen rundt klokka 20.10. Grunna vêret og sterk vind vert han ikkje frakta til Haukeland, men Førde sentralsjukehus.

Foto: Jan Christian Jerving

SISTE: AMK ved Førde sentralsjukehus opplyser i ei pressemelding klokka 00.30 at mannen er alvorleg skadd, men stabil. Han er lagt inn på intensiv avdeling ved sjukehuset.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 17.05 fredag ettermiddag og redningshelikopter vart varsla.

Vêret skapte store problem

Redningshelikopteret kom til staden like over klokka 19.00.

– Mannen får behandling av helsepersonell på staden no, sa operasjonsleiar Kjetil Drange til NRK klokka 20.00.

Ifølgje NRK sin mann på staden forlèt redningshelikopteret Lærdal rundt klokka 20.10.

– Den skadde er plukka opp av redningshelikopteret. Mannen vil bli flogen til Haukeland, sa Nils Ole Sunde ved Hovudredningssentralen til NRK klokka 20.25

Helikopteret var på staden over ein time før dei flaug i retning Haukeland sjukehus.

– Grunnen er at dei måtte stabilisere han før dei kunne heise han opp. Det er anestesilege om bord, så han er i kyndige hender. Men tilstanden er førebels ukjend, sa Sunde.

Klokka 20.45 opplyste hovudredningssentralen at mannen måtte flygast til Førde sentralsjukehus, grunna vêret med sterk vind.

Men vêret skapte endå meir problem. Klokka 21.45 opplyste hovudredningssentralen at redningshelikopteret ikkje kunne lande i Førde, og måtte fly til Florø. Helikopteret landa i Florø rundt klokka 22.30 og ein ambulanse køyrde mannen til Førde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningsaksjon Lærdal

REDNINGSGRUPPE: Ei redningsgruppe skal no opp og hjelpe dei to klatrekameratane til den skadde mannen, slik at dei kjem seg trygt ned.

Foto: Jan Christian Jerving

Fall rundt 20 meter

Politiet fekk meldinga klokka 17.05 fredag ettermiddag, og alle naudetatane rykte ut. Ulukka skjedde ved Jutlamannen, ved E16 i Lærdal.

Redningshelikopteret vart forseinka på grunn av anna oppdrag. To kom frå Sogndal for å ta seg opp til mannen.

Det var tre personar som klatra i lag då ulukka skjedde.

– Den eine har falle rundt 20 meter, sa Jan Lillebø ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge til NRK like etter melding hadde kome inn.

Dei visste då lite om tilstanden til mannen.

– Dei to klatrarane, som var saman med mannen som har falle, har sett at han har rørt på seg, sa Lillebø.

Full utrykking til klatreulukke ved Jutlamannen i Lærdal

VIDEO OG REDIGERING: Tom Hansen. STILLFOTO/FRONTFOTO: Jan Christian Jerving.

NRK oppdaterer saka.