Hopp til innhold

Alvorleg skadd etter fall på lastebåt

Ein utanlandsk mann i 50-åra vart måndag kveld sendt til Haukeland sjukehus etter å ha ramla ned i eit lasterom på ein båt i Florø.

Ulukke i Florø

DATT TRE METER: Her blir den skadde 50-åringen frakta til Haukeland sjukehus av luftambulansen.

Foto: Eivind Nordvik Hauge / NRK

Den 58 år gamle mannen er alvorleg skadd, melder Helse Bergen.

Politiet melde om ulukka like før klokka halv sju. Både helse og politi rykte ut til staden.

Mannen hadde falle mellom 3 og 3,5 meter. Den skadde var måndag kveld medviten og vart teken hand om av helsepersonell.

Politiet undersøkte måndag åstaden og vil opprette sak.

Arbeidsulukke i Florø
Foto: Eivind Nordvik Hauge / NRK
Arbeidsulukke i Florø