NRK Meny
Normal

Alvorleg sjuk låg i korridor – refs til sjukeheim

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane rettar sterk kritikk mot ein sjukeheim og ein kommune etter at ein sjukeheimspasient døydde.

Gang

I KORRIDOR: Pasienten vart liggande i ein korridor. NB! Arkivfoto.

Pasienten var utskriven frå sjukehus og skulle til rehabilitering. Vedkomande hadde trong for mykje hjelp, ro og kvile. Men på sjukeheimen var det plassmangel, og senga vart plassert i ein korridor.

Tilstanden forverra seg under opphaldet på sjukeheimen, utan at dette vart fylgt opp. Etter ei tid døydde pasienten på sjukehus.

Fylkeslege Per Stensland seier at dette ikkje er forsvarlege tenester.

– Her snakkar vi om ein pasient som særleg treng ro, som treng hjelp til å få ro rundt måltida, og som har ernæringsproblem. Då blir det veldig vanskeleg. Dette handlar om individualisert omsorg for dei aller svakaste.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

– IKKJE GODT NOK: Fylkeslege Per Stensland.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Dette er lovbrot

Den aktuelle kommunen hadde då dette skjedde vanskar med å rekruttere fagutdanna personell. Samstundes hadde sjukeheimen ei tid hatt overbelegg og plasserte pasientar i korridorane.

Fylkesmannen har konkludert med at kommunen dreiv sjukeheimen på ein slik måte at det var stor grad av risiko for svikt.

– Vi seier til kommunen at dette ikkje er godt nok. Dette er lovbrot. No får kommunen i oppgåve å kome med forbetra tenester, seier Stensland.

– Her må kommunen planlegge og sikre gode rutinar for korleis ein skal vareta pasientar av ulike grupper. Om dei ikkje fylgjer rutinane eller har manglande rutinar vil dette auke risikoen for svikt.

Seier ikkje kva kommune det gjeld

Fylkesmannen har valt å ikkje gå ut med namn på kommunen og sjukeheimen.

– Hadde det vore slik at ein kommune og ein sjukeheim gjekk igjen og igjen ville det ha vore rimeleg å gjere det klarare. Men vi er ute etter forbetringar, og her gjer vi kommunen beskjed om at dette må bli betre. Det at vi ikkje har gått ut med kommunenamnet har og samanheng med at det ville ha auka risikoen for identifisering av pasienten.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå