NRK Meny
Normal

Alvorleg for skogsarbeidar

Tilstanden er alvorleg, men stabil for mannen som vart skadd under skogsarbeid ved Brandsøy i Flora laurdag ettermiddag.

Mann skadd under trefelling i Brandsøy
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Ein mann i 40-åra fekk skader i ansiktet og hovudet då han fekk eit tre over seg under arbeid i skogen.

Mannen vart sendt med luftambulanse til Haukeland Universitetsjukehus. Sjukehuset opplyser søndag føremiddag at tilstanden er alvorleg, men stabil, og at mannen er på operasjonsbordet.

Mannen skal ha ramla ned ein bratt bakke medan han dreiv med trefelling. Han vart funnen ved ei sjøbod i enden av bakken.

Ulukka skjedde ved Brandsøy i Flora i halv eitt-tida laurdag.

Mann skadd under trefelling i Brandsøy
Foto: Cosmin Cosma / NRK

  

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.