Det opplyser kommunikasjonsavdelinga ved Haukeland Universitetssykehus tysdag. Ulukka skjedde i 1230-tida hos Selstad AS ved Yttregrend.
– Mannen fall fem-seks meter frå eit industristillas og landa på eit betonggolv. Han vart sendt til Haukeland med luftambulanse. Han fekk brotskadar, men var ved bevisstheit, opplyste operasjonsleiar Morten Kronen ved Hordaland politidistrikt måndag.
Lensmann i Gulen, Solund og Masfjorden, Ivar Holmaas, seier ulukka skjedde under arbeid med ein industriport.
– To arbeidarar jobba med å skifte ein vaier på industriporten. Medan dei stramma opp vaieren, gjekk porten opp med stor kraft, og trefte arbeidaren slik at han fall ned, seier Holmaas.