Hopp til innhold
Måndag 23. mai sa folk langs Sognefjorden – frå Gulen til Aurland – si meining om kommunesamanslåing. Vi gir deg alt du treng vite.

Alt om folkerøystingane

Oppsummert

Måndag 23. mai sa folk langs Sognefjorden – frå Gulen til Aurland – si meining om kommunesamanslåing. Vi gir deg alt du treng vite. Tidlegare har innbyggjarane i Sunnfjord, Hyllestad, Solund, Selje og Vågsøy sagt si meining.

  • Vil halde fram åleine

    Kommunestyret i Gloppen har i ettermiddag sagt nei til samanslåing med Eid. Dermed følgjer dei rådet frå folkerøystinga, der eit knapt fleirtal sa nei til samanslåing 30. mai. – Vedtaket i kommunestyret vart gjort mot åtte røyster, seier ordførar Magni Aa Berge (Sp).

  • Balestrandordførar skuffa over nei

    – Eg beklagar at det ikkje vart noko av det. Eg hadde sett at vi fekk eit tyngdepunkt i Sogn også, men dessverre vart det ikkje slik, seier ordførar i Balestrand, Harald Offerdal. Kommunestyret i kommunen vedtok i går at kommunen skal halde fram åleine. I den rådgjevande folkerøystinga sa kring halvparten av innbyggjarane ja til samanslåing, og fleirtalet ville sjå mot Sogndal, Vik og Leikanger.

    Harald N. Offerdal
    Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
  • Volda+Hornindal=nei

    For Hornindal er Volda-alternativet heilt dødt. Nabokommunen i nord bestemte torsdag at dei vil ha ei ny folkerøysting før dei går vidare. Det vil ikkje ordførar Stig Olav Lødemel vente på, og ser heller mot Stryn, som har venta i spaning på at honndølane bestemmer seg.