NRK Meny
Normal

Alt ligg til rette for å få verdscuprenn hit

Fjellsidene i Sogndalsdalen kan bli arena for verdas beste frikøyrar i verdscupen. Men arrangørane veit endå ikkje om dei vil.

Freestylekøyring på Sogndalseggi

KONKURRANSE: Her kan det bli verdscuprenn i frikøyring om arrangørane i Sogndal bestemmer seg for å satse. Her er ein frikøyrar på veg ned Sogndalseggi (til høgre i biletet).

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Fleire skikøyrarar sa at dette var den beste konkurransen dei ikkje har køyrt, fortel rennleiar Roar Erlandsen.

Nokre av verdas beste skikøyrarar var på plass under årets Fjellsportfestival for å delta i frikøyringskonkurransen. Dårleg vêr i området gjorde derimot at ingen av dei fekk køyre konkurranse i Sogn. Arrangørane av festivalen har snusa på sjansane for å bli tildelt eit renn i verdscup-sirkuset, og trass i at årets renn måtte avlysast er dei optimistiske.

– Vi har nok alle moglegheiter etter dette arrangementet. Tilbakemeldingane er veldig positive, så vi har ikkje levert nokon dårleg søknad i alle fall, seier festivalsjef Kari-Anne Kirsebom Strandman.

I tenkeboksen

Å arrangere eit renn i verdscupen er likevel ikkje beint fram. Under Fjellsportfestivalen er kring 200 frivillige på plass totalt. 50 funksjonærar var klare til frikøyringskonkurransen, og 150 publikummarar var på veg mot konkurransestaden. Eit verdscuprenn i frikøyring vil krevje mykje av både rennleiinga og lokalsamfunnet.

Roar Erlandsen

UVISST: Alt ligg til rette for at det kan bli verdscuprenn i frikøyring i Sogndal. Det trur rennleiar Roar Erlandsen. Om dei vil ta på seg eit slikt arrangement har dei likevel ikkje bestemt seg for enno.

Foto: Privat

– Skal vi køyre ein slik konkurranse, då handlar det ikkje berre om Bratt Moto og nokre få personar. Då må vi få med heile bygda, og få dei på lag for vi treng eit stort apparat, seier Erlandsen.

Festivalleiinga vil difor bruke dei komande dagane på å bestemme seg for om dei vil prøve å ta eit steg vidare og satse på verdscuprenn.

– Vêret vil alltid vere ei utfordring

Sjølv om deltakarane ikkje fekk konkurrere, så let dei seg imponere over snøen og forholda i Sogn.

– Fleire sa dei ville kome tvert, og ta med alle dei kjenner. Dei vil tilbake for å stå på ski, uavhengig av konkurranse. Det har stor marknadsverdi for Sogndal og området, seier han.

Tryggleiken for utøvarane og staben rundt arrangementet har førsteprioritet. At vêret sette ein stoppar for årets konkurranse, trur dei ikkje påverkar sjansane for større renn.

– Det er ikkje meir ustabilt enn andre plassar. frikøyrings er litt som med hopp. Deltakarane er vande med at konkurransar kan bli avlyst eller utsett på grunn av dårleg vêr, fortel Strandman.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.