Hopp til innhold

Skal stå klart for datalagring i løpet av året

I løpet av månaden tek selskapet Bluefjords dei første spadetaka på det som skal bli fylkets første datalagringssenter.

Datalagringsplanane for Jostedal datasenter i Luster

SLIK SKAL DET BLI: I løpet av året skal datalagringssenteret stå klart ved Leirdøla.

Foto: Illustrasjon/foto: Bluefjords

– Det har vore eit lang lerret å bleike, som det ofte er i slike prosjekt. Men no kan vi byrje å bygge. Vi har fått på plass kontraktar for bygging og teknisk innmat, fortel Edvin Brun, dagleg leiar for Bluefjords.

I Jostedalen, tre kilometer frå Gaupne og i nærleiken av Leirdøla kraftverk, stikk Bluefjords spaden i jorda i løpet av mars. 1. april er det byggestart på datalagringssenteret.

– Vi måtte justere litt på planane som låg føre. Det har teke tid å skalere prosjektet slik at det treff i høve økonomi og forventingar, fortel Brun.

Blir fleire arbeidsplassar i kommunen

Lokala er planlagde slik at det skal vere mogleg å enkelt bygge vidare ut ved behov. Truleg vil det koste kring 30 millionar kroner berre i første byggesteg.

– Vi har finansiert det med lokal eigenkapital, frå Luster og frå sogndalsområdet. I tillegg har Serit Fjordane IT, som er relativt stor eigar i Bluefjords, bidrege, fortel den daglege leiaren. Prosjektet er også støtta av Innovasjon Norge og Luster sparebank.

Dagleg leiar for Bluefjords, Edvin Brun.

ENDELEG I GANG: Dagleg leiar for Bluefjords, Edvin Brun, er glad for at selskapet endeleg kan sette spaden i jorda i løpet av mars.

Foto: Privat

Også Luster kommune har tru på prosjektet, og har spytta inn økonomisk hjelp. 4,5 millionar kroner har dei bidrege med i lån og tilskot.

– Vi ser særs positivt på prosjektet. Vi skjønar at det ikkje snur opp ned på alt, men det kan bli eit viktig supplement til næringa elles i kommunen, seier næringssjef, Olav Grov.

Som den kraftkommunen Luster er, synest han det er positivt at krafta kan nyttast lokalt. Han har også håp om at det blir fleire arbeidsplassar i tilknyting til verksemda.

– Det er snakk om to til ti arbeidsplassar på kort og mellomlang sikt. Det er bra mykje for ein kommune som Luster, fortel Grov.

Er sikra oppstart med første kunde på plass

Fleire datasenter er under planlegging både lokalt, nasjonalt og på verdsbasis. Lefdal gruve i Eid har lenge vore under planlegging, men står framleis utan første kunde. Det er eit kritisk punkt for fleire datalagringsprosjekt.

– Det er litt som høna eller egget. Ein må syne at ein kjem i gang før kundane melder seg. VI er heldige i og med at vår største eigar har datasenterbehov. Dei flyttar sine tre små datasenter inn til Bluefjords gradvis, så då har vi første kunde på plass. Det sikrar at vi kjem i gang, fortel Brun.

I løpet av året skal senteret vere oppe og gå. Først med testdrift, før det blir opna opp og lyst etter fleire kundar.

Senteret ligg berre 300 meter frå Leirdøla kraftstasjon, noko som utgjer ein av fordelane til verksemda.

– Tomta ligg gunstig til i høve kjøling, med stabil tilførsel av kjølig luft. Eit datasenter er også storforbrukar av straum, så det betyr at vi må ha kortreist og rikeleg med straum, noko vi får når vi ligg så tett på kraftstasjonen, seier Brun.