Av:
Planen er å selje den eksklusive alpakkaulla, som minner om kashmirull.
Dyra kjem truleg til hausten, og deretter må dei stå seks månader i karantene før bonden i Hornindal kan sleppe dei ilag med sauene.
Sosiale dyr
Alpakkaen er medlem av kamelfamilien, og liknar på ein liten lama. Alpakkaen kjem frå Sør-Amerika, i hovudsak Peru. Haugen samanliknar dyra med spelsauen, men dei er større. Dei kan bli 50-70 kg og måler ein meter opp på skuldra. Ein lang hals gjer at alpakkaen er kring halvannan meter høg.
– Det er sosiale dyr. Ein kan rope på dei, og så kjem dei, fortel Haugen. Men han kan ikkje sleppe dyra til fjells, for kvister og rusk kan øydeleggje den flotte ulla.
Lyd og video