Hopp til innhold

Supersommar sørger for rekordutfart i fjellet

Folk strøymer til fjells i varmen og besøkstala på DNT-hyttene og fjellhotella sler alle rekordar.

POPULÆRT: DNT-hytta på Skogadalsbøen i Jotunheimen er ein av stadane som no opplever ein stor vekst i turismen.

I juni i år auka besøkstalet på dei betjente turisthyttene med 10 prosent samanlikna med rekordåret i fjor.

Turtagrø Hotell ser juli månad allereie ut til å vera enno betre, noko dei slett ikkje var budde på.

– Vi har blitt tekne litt på senga. Vi trudde vi hadde nok folk, men no leitar eg etter fleire folk til servering og romma. No jobbar folk mykje. Veldig travelt og veldig artig, seier dagleg leiar på hotellet, Laila Hjellvoll.

Klar auke over alt

Melodien er lik overalt på fjellet. Folk valfartar til fjellområda både i sør og i nord. På den eine av Den Norske Turistforening (DNT) sine store hytter i Jotunheimen, Skogadalsbøen, var det 200 fleire gjester.

– Vi har ein klar auke i høve til fjor, og enda meir i høve året før, seier Olav Kjell Moen på Skogadalsbøen.

  • LES OGSÅ:
  • LES OGSÅ:

På Turtagrø Hotell ser Laila Hjellvoll den eine fjellturisten etter den andre kome vandrande inn dørene.

– Kanskje ikkje syden er så naudsynt når det er 25 grader i fjellet, trur Hjellvoll.

– Nært og attraktivt

Leiar i DNT i Sogn og Fjordane, Marino Ask, trur kombinasjonen av knallvêr og eit stadig meir populært friluftsliv er årsaka til auken.

– Det å drive med friluftsliv er viktig for veldig mange, og særleg når veret er så flott som det er no. Då er dei nære områda attraktive, meiner Ask.

Den engelske kunstnaren Charlotte Rintler har reist rundt og måla akvarell av 12 DNT-hytter. I vind, regn og sol har ho laga eit bilete for kvar månad i året til ein kalender. No har ho utstilling i Askvoll og drar så til Oslo. Ho skriv personlege invitasjonar og har til og med invitert den britiske ambassaden.