NRK Meny
Normal

Alle vil bli sjukepleiarar

Årets store studievinnar er sjukepleieutdanninga. 229 søkjarar søkt om plass på studiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Medisinering ved Oslo Universitetssykehus, Radiumhospitalet

AUKE: 20 prosent fleire har søkt seg inn på sjukepleieutdanninga landet over.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

– Sjukepleieutdanninga har vore i medvind nokre år, så det er 20 prosent fleire søkjarar på landsbasis enn i fjor. Hjå oss er det 64 prosent auke frå i fjor, så det må også bety at utdanninga vår har eit godt rykte, seier viserektor for utdanning, Terje Bjelle.

Søkjartala frå Samordna opptak er gledeleg lesing for han og dei andre ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Totalt har 1574 personar søkt seg til dei 866 ledige plassane som står ledige frå hausten.

– Vi byrjar å nærme oss to primærsøkjarar per utlyst studieplass, og då nærmar vi oss der vi ynskjer å vere. Vi er attraktive og det er rikeleg med studentar som vil kome til oss, seier Bjelle.

Terje Bjelle, viserektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

GLAD: 64 prosent fleire enn i fjor har søkt seg til Høgskulen i Sogn og Fjordane. - Vi er veldig glade, seier viserektor for utdanning, Terje Bjelle.

Foto: Hisf.no

Styrke for framtida

Sjukepleieutdanninga peikar seg spesielt positivt ut, men også innan idrett- og friluftsliv, naturfaga og dei andre helse- og sosialfaga er søkjartala gode. Samstundes er det andre fag Bjelle gjerne ville hatt fleire søkjarar på.

– Eg håpar ingen heng i tynn tråd, men vi kunne ynskt oss fleire søkjarar på lærarutdanninga 1.- 7. klasse, barnehagelærarutdanninga og ingeniørutdanninga, seier Bjelle.

Samla sett har Høgskulen i Sogn og Fjordane 1,5 prosent fleire søkjarar enn året før. Høgskulen i Bergen har 2,5 prosent fleire søkjarar, medan Høgskulen Stord/Haugesund og Volda har begge ein nedgang på 2,5 prosent. Høgskular i heile landet er i gang med samanslåings- og fusjonssamtalar. Dagens søkjartal meiner Bjelle syner at Høgskulen i Sogn og Fjordane stiller sterkt.

– Det er openbart ein styrke for oss som part i ein mogleg fusjon. Å rekruttere godt med studentar er bra å ha med seg inn i forhandlingar.

Vegopning på Bergum i Førde kommune