Hopp til innhold

No vil han at alle vikarbyrå skal granskast - sender brev til helseministeren

Det danske legevikarbyrået Nordvik krev at alle byrå blir granska dersom Nordvik blir sett under gransking

Nordvik sender brev til helseministeren

BREV PÅ BORDET: Styreleiar i NordVik, Karsten Ramløv Svendsen (t.h.) vil sende brev til helseminister Bent Høie (H) og be om at alle vikarbyrå vert granska, ikkje berre dei.

Foto: Stortinget/ScanStockPhoto/Transmedica

– Vi kjem til å skrive eit brev til helseministeren der vi sjølv oppmodar til ei gransking av alle vikarbyrå, seier styreleiar i Nordvik, Karsten Ramløv Svendsen.

Aggressive epostar

Fleire legar som Nordvik har rekruttert blir undersøkt av Statens helsetilsyn for kritikkverdige forhold ved Nordfjord legevakt.

I tillegg har legar og kommunar offentleggjort epostar frå Nordvik med aggressivt og trugande innhald.

Frårår å bruke selskapet

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane og to representantar i hele- og omsorgskomiteen på Stortinget, krev at Nordvik må granskast.

Kjersti Toppe frå Senterpartiet frårår norske kommunar å bruke selskapet. Gransking er einaste måten å finne ut om selskapet held seg til regelverket, meiner ho.

– Svertekampanje

Styreleiar i Nordvik, Karsten Ramølv Svendsen, meiner på si side at selskapet blir utsett for ein svertekampanje. Han vil no sjølv ta kontakt med den norske helseministeren.

– Ein del av epostane som er sende frå oss har hatt ein innhald vi ikkje kan stå inne for. Dette beklagar vi på det sterkaste. Men det finst ikkje noko grunnlag for å åtvare mot å bruke Nordvik. Det er fullstendig useriøst av Kjersti Toppe å hevde at det er farleg å bruke Nordvik, seier Ramløv Svendsen.

–Dersom NordVik skal granskast, må alle legevikarbyrå granskast. Dette vil den norske helseministeren få beskjed om i brevet vi skriv til han, seier han.

– Brukar hersketeknikkar

Kjersti Toppe skuldar på si side Ramløv Svendsen for å bruke hersketeknikkar.

– Når eg blir stempla som useriøs, så seier det meir om Nordvik enn det gjer om meg. Det er Nordvik som står fram på ein lite positivt i denne saka. Dei har send legar til Norge som ikkje fungerer og dei har send er rekkje stygge epostar. Dei ville ikkje stille opp til intervju i media før etter fleire månader. Eg angrar ingenting, seier Toppe.

Nordvik er ein stor aktør i bransjen og rekrutterer årleg mellom 300 og 400 legevikarar til Norge. Selskapet samarbeider i dag med 300 norske kommunar.