Hopp til innhold

To nittenåringar og ein 17-åring innrømmer samleie med mindreårig jente

To menn på 19 og ein gut på 17 erkjenner at dei hadde samleie med ei 15 år gamal jente i Nordfjordeid sentrum natt til søndag. Ingen av dei erkjenner straffskuld.

Mogleg åstad for voldtekta

ÅSTAD: Dette smuget i sentrum på Nordfjordeid er ein stadene der det har vore seksuelt samkvem mellom dei sikta og den mindreårige jenta.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Jenta melde dei tre tenåringane for valdtekt, men politiet har valt å oppretthalde siktinga som gjeld seksuell omgang med barn under 16.

– Den blir korkje utvida eller frafalt. Alle dei sikta erkjenner å ha hatt seksuell omgang med jenta, men når det gjeld straffskuld så blir det påstått at omsynet til alder og utvikling gjer at dei ikkje innrømmer straffskuld, i alle fall ikkje no, seier politiadvokat Sissel Kleiven til NRK.

Politiet opplyser no at utukta skal ha skjedd fleire stader i Nordfjordeid sentrum, og slår fast at ingen av hendingane har skjedd inne på området for Malakoff Rockfestival.

Risikerer fengselsstraff

– Det eg kan eg forklare utover det, er at vi har ulike hendingar på ulike stader i Eid sentrum. Jenta melde saka som ei valdtekt, noko meir kan eg ikkje seie om hennar forklaring, seier Kleiven til NRK.

– Det at gjerningsmennene er så unge, kan det ha noko å seie for den vidare rettargangen?

– No får vi avvente etterforskinga. I utgangspunktet blir samleie med mindreårig straffa med seks månader i fengsel. Det er utgangspunktet, så får vi sjå kva som kjem fram i etterforskinga og kva som blir resultatet til slutt.

Vart sleppte fri måndag

Dei sikta vart arresterte søndag kveld, men måndag var alle tre sleppte fri etter å ha vore avhøyrde.

Ein av dei sikta vart sleppt fri måndag, då politiet meinte det ikkje var fare for at bevismateriale kunne bli øydelagt.

Overgrepet mot den 15 år gamle jenta skal ha skjedd i eit smug midt i Nordfjordeid sentrum. Dei tre tenåringsgutane som er sikta i saka, bur alle i Nordfjordeid-området. Jenta har tilknyting til Nordfjordeid, men er busett ein annan stad i landet.

– Letta og glad for å vere fri

Forsvarar for den eine av dei to som blei sett fri måndag kveld, Reidun Sæle Kongsvik, seier til NRK at hennar klient er letta over å ha sluppe laus frå politiet sin varetekt.

– Men han tykkjer at saka er veldig tung, og den heng over han. Dette er ikkje enkelt for min klient.

Utover det som har kome fram frå politiet, så ønskjer ho ikkje å seie noko meir om saka på noverande tidspunkt.