Hopp til innhold

Myrkaskog med alle tiders comeback: – Heilt perfekt!

Øystein Myrkaskog frå Vik har vore ute med kneskade sidan slutten av april. I dag gjorde han comeback og scora det avgjerande målet For Førde i kampen mot Brann II.

Øystein Myrkaskog jublar

JUBEL: Her jublar Øystein Myrkaskog for eitt av sine 16 mål for Førde i fjor. I dag scora han på ny for dei kvitkledde.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Det var litt uverkeleg å vere tilbake, men veldig kjekt. Eg har sakna å spele fotball og gleda meg til å begynne att. Slik det vart i dag var det jo berre heilt fantastisk. God stemning på tribunen, på stadion og i garderoben. Så i dag var det ekstra kjekt å vinne, heilt perfekt, seier Øystein Myrkaskog etter dagens mål på overtid for 2.divisjonsklubben Førde i kampen mot Brann II.

Kampen enda 3–2 til heimelaget, og den siste scoringa til Førde var det Myrkaskog som stod for.

Angrepsspelaren frå Vik har vore ute med kneskade sidan cuptapet mot Florø i slutten av april, og det har blitt lite fotball på 25-åringen.

Vikjen, som var aktuell for eliteserieklubben Sogndal i vinter og scora 16 mål for Førde i fjor, har nesten fått heile sesongen øydelagd.

– Desse fem månadane har vore lange. Det er kjedeleg å sitje å sjå på dei andre spele. For min del har det blitt mange timar med alternativ trening og litt frustrasjon. Men eg kom heldigvis fortare tilbake enn det eg vart fortalt. For min del var dette ein bra dag, og eg er glad for å endeleg vere tilbake, seier Myrkaskog.


– No må vi trykke på og ta poeng

25-åringen seier han ikkje legg merke til skaden, men noko kampform er han ikkje i enno.

– Eg spelte i 30 minutt i dag og har aldri vore så sliten, men det er berre ein ting å gjere med det: Spele meir kamp, ler han.

Sjølv om han har fått trent alternativt vert det noko heilt anna enn å spele kamp.

– No er det fem viktige kampar att. Vi manglar berre Johan Wennberg og så er vi fullt lag att. Då er det berre å trykke til å få nokre poeng, seier Myrkaskog.

I dag var han med å avgjere kampen. Opplevinga av comebacket er vanskeleg å setje ord på for spelaren.

– Sidan eg fekk beskjed om at eg var teken ut har eg sett føre meg og drøymt om at noko slikt kunne skje, så at det klaffa var utruleg moro, fortel han.

– Sjeldan eg har vore så glad

Ein som var ekstra glad etter sigeren i dag var trenar Knut Erik Folland.

– Det er fantastisk å ha Øystein her. Eg har aldri sett nokon som har jobba så knallhardt med seg sjølv i ein skadeperiode på fem månader. Han er ein spelar som løftar heile laget. Eg er sikker på at han har trent meir enn alle, og eg håpar alle ser kor godt han har jobba. Det var utruleg godt med sigeren i dag, ein ufatteleg fortent siger til både oss og Øystein, fortel trenaren.

Knut Erik Folland

EKSTRA GLAD: Trenar Knut Erik Folland håpar folk ser kor mykje Myrkaskog har jobba dei siste månadane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Folland seier Myrkaskog er meir enn god nok til å starte når dei gjeld dei neste kampane.

– Eg er ikkje redd for skaden, men eg er redd for å påføre han meir skade. Vi er klart betre med han på laget, seier han.

Trenaren legg ikkje skjul på at det var ekstremt viktig å skaffe seg ei luke nedover på tabellen.

– Det er sjeldan eg har vore så glad. Eg er utruleg letta.

Dei to første måla for Førde denne kampen var det Alexander Ødegaard som scora. Etter dagens vinnarkamp klatrar Førde opp til ein 8. plass med sine 28 poeng.