Hopp til innhold

Marit mista fire familiemedlemer i bussulukke, men ingen ville snakke med ho om døden

GAUPNE (NRK): I 1966 mista Marit Stokkebø Solakovic mora, faren, broren og ei tante i ei bussulukke i Luster. Gjennom oppveksten var det ingen som snakka med ho om døden.

Marit Stokkebø Solakovic

NO KAN HO SNAKKE OM DET: Marit Stokkebø Solakovic opplevde at dei rundt ho var tause om døden. 50 år seinare kan ho prate med familie om det som hende ulukkesdagen i 1966.

Foto: Linda Watten / NRK

– Eg trur dei rundt meg trudde at så lenge eg ikkje synte teikn på noko og var blid, så hadde eg det bra. Det var den oppfatninga folk hadde på den tida, fortel Marit.

Sommaren 1966 skulle familien hennar ta buss til Høyheimsvik i Luster for å besøka slektningar. Ein bil prøvde å køyre forbi bussen på den smale vegen, noko som førte til at bussen hamna i fjorden.

Bussulukka i Råaberget 1966

I FJORDEN: Då ein bil køyrde forbi bussen på den smale vegen resulterte det i at bussen køyrde ned ei bratt skråning og hamna i fjorden.

Foto: Privat

Far til Marit, Johannes Stokkebø, var bussjåfør og køyrde bussen.

– Då mamma forstod at det gjekk gale ropte ho «nei, Johannes» Deretter hugsar eg at eg såg han ligge over rattet. Eg forstod vel at han var død då. Så såg eg mamma, bror min og tante som låg i vatnet og flaut.

Eit vanskeleg syn å gløyme for ein 7-åring.

Ville skåne

– Etter ulukka blei eg frakta til besteforeldra mine i Marifjøra, og vaks opp med dei. Det var ein trygg oppvekst, men ingen snakka med meg om hendinga.

Eldbjørg Brun er tante til Marit, og søster til Johanna Stokkebø som døydde. Ho hugsar at dei ikkje snakka om familiemedlemane dei mista.

Eldbjørg Brun

SÅG ALT: Søster til avdøde Johanna, Eldbjørg Brun, stod på land med familien i Marifjøra og såg i kikkert at bussen låg i fjorden. Då skjønte dei at familien var råka.

Foto: Linda Watten / NRK

– Det kom ein lege og undersøkte Marit men ikkje noko meir. Det var ikkje slik hjelp å få før. Me rundt ho trudde me skåna ho ved å ikkje nemne noko, seier ho med tårer i auga.

Prega psykisk

Det var ni passasjerar i bussen, og fire av dei døydde. Johanne Drevdal var ei av dei som overlevde.

– Eg hugsar eg såg dei døde og det følgde meg heile natta. Marit stod på land og sa «kvifor skulle me på denne turen i dag». Det var det einaste ho sa, fortel Drevdal.

Overlevde ulukka

OVERLEVDE: Johanne Drevdal og Marit Stokkebø Solakovic kom frå ulukka med livet, men begge har fått livet prega av at ingen snakka med dei om ulukka.

Foto: Linda Watten / NRK

Ho kom frå ulukka utan store fysiske skader. Det psykiske var det verre med.

– Politiet kom for å prata med meg og då sa ei sjukesøster at eg ikkje måtte seie noko om kva eg hadde opplevd. Likevel fortalde eg alt. Det hjelpte litt, men det var lite i forhold til det eg bar på.

Psykolog: – Ikkje bra

Barnepsykolog Atle Dyregrov seier det var vanleg før i tida å ikkje snakke om vonde ting med barna.

– Ein trudde at barn kom fort over ting, og at det var best å ikkje snakke om det, fordi det kunne gjere vondt verre.

Men dette er ikkje bra, ifølge Dyregrov.

– Det kan gje plager psykisk, men også i kroppen, når du ikkje får vite eller får oversikt over kva som skjedde. Då forstår du ikkje det godt nok. Og når du ikkje får uttrykt kjenslene dine, kan dei setje seg i kropp og sjel, seier Dyregrov.

Opplevde traume

For nokre år sidan var Marit på ferie i Bosnia. Der blei ho vitne til ei mor som sank bevisstlaus saman. Den vesle jenta i familien skreik, men skriket Marit høyrde kom ikkje frå jenta.

– Det var eit djupt skrik frå det indre av det indre. Eg høyrde meg sjølv.

Minnene lever

INNRAMMA: I stova til Marit står eit bilete frå då familien hennar var heil.

Foto: Linda Watten / NRK

Marit var prega lenge etterpå, men greidde endeleg søke hjelp for trauma frå barndomen.

– Det er ein stor lette å få tilverka alt etter over 40 år. No forstår eg meg sjølv betre også.