Henta trygt ned etter lang, kald natt på fjellet

Dei 15 elevane og læraren deira, som sat fast 1700 meter over havet, er no trygt nede.

Lodalskåpa

LANG NATT: Det vart ei lang natt for elevane på Lodalskåpa, det høgaste fjellet på Jostedalsbreen. Dårleg vêr gjorde at dei ikkje kom seg ned. Biletet er teke ved eit anna høve.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Like etter klokka 04.00 melder politiet at alle er tekne ned frå breen. Alle var uskadde og ingen hadde behov for oppfølging, og aksjonen er avslutta.

Dei siste av elevane, som var på opningstur for skuleåret, hadde då vore skorfaste på 1700 m.o.h. på Lodalskåpa i over 10 timar.

Dei 18 som vart henta ned av luftambulansen inkluderer 15 elevar, ein lærar og to erfarne breførarar som kom opp til elevane for å sikre dei rundt klokka 23 tysdag kveld.

– Dei som vart tekne ned var litt kalde. Det har vore helse på staden der elevane kom ned, og vi har fått tilbakemelding om at ingen er skadde, og ingen treng ytterlegare oppfølging, seier operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Per Rimmen til NRK klokka 05.30.

Elevane overnattar no på eit hotell i Jostedalen.

Vanskeleg vêr

Lodalskåpa har ein topp på 2083 meter, og er det høgste fjellet på Jostadalsbreen. Turen er rekna til om lag 12 timar tur-retur.

Luftambulansen måtte fly fem eller seks turar opp og ned til elevane, som sat fast på 1700 meter i Breheimen vest for Lodalskåpa, like nord for Ståleskaret. Vêret gjorde det vanskeleg å få helikopteret opp til elevane.

– I byrjinga var det lågt skydekke. Breførarane vart flogne opp til nordsida i Nordfjord, og gjekk opp til dei. Vi hadde håp om at vi skulle få tak i elevane og floge dei ned, men dei var over området der det var god sikt, seier Rimmen.

Då var planen at breførarane skulle føre dei ned til området der sikta var god nok til at helikopteret kunne lande.

– Det gjekk heller ikkje. Så då gjekk helikopteret inn frå sør, og der vart vêret etter kvart noko betre. Då klarte helikopteret å få fatt i dei.

«Utflydd tid»

– Vi har måtte gjere endringar i planane. Sea Kingen frå Ørlandet hadde «utflydd tid», og kan difor ikkje bidra i redningsaksjonen likevel, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Per Rimmen, til NRK.no klokka 00.35.

«Utflydd tid» betyr at helikopteret ikkje kan flyge fordi mannskapet må ha pålagde pausar.

I staden er planen å flyge ned dei 15 elevane og læraren som sit fast på Lodalskåpa med luftambulansen.

– Dei måtte først til Sandane for å fylle drivstoff, og er venta på plass i fjellet om lag klokka 01. Så får vi ta det derifrå, seier Rimmen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ventar på helikopter
Foto: Roger Vik / NRK

Måtte endre plan

I utgangspunktet var planen å ta turfølgjet ned til Loen, men no har ein endra plan.

– Vi har tenkt å flyge dei ned til Luster, då det er betre forhold den vegen. Men luftambulansen kan ikkje ta så mange om gongen, så det må nok bli nokre turar, seier Rimmen.

Det er organisert mottak av turfølgjet i Jostedalen i Luster.

– Når dei kjem ned får vi få snakka med dei og høyrt kva dei treng. Så vidt vi veit står det bra til med alle, men dei er nok litt våte og kalde etter så mange timar i fjellet, seier Rimmen.

15 elevar og ein lærar frå Nordhordland folkehøgskule har sete skorfaste på 1700 meters høgde på Lodalskåpa sidan klokka 17.30 tysdag. Skuleklassen sit fast i Breheimen, vest for Lodalskåpa, like nord for Ståleskaret.

Ingen av dei 16 personane skal vere skadde på noko vis, men dei finn ikkje vegen ned att for eiga hjelp.

Ringde sjølve etter hjelp

Skuleklassen ringde sjølve etter hjelp, då dei ikkje fann det forsvarleg å gå vidare nedover fjellsida på grunn av tett tåke.

– Dette er ein idrett og friluftsklasse frå skulen vår. Kvart år dreg dei på ein slik tur som ei opning på skuleåret, så læraren som er med, har lang rutine på denne turen her, seier rektor Jan Inge Wiig Andersen ved Nordhordland Folkehøgskule på Frekhaug like utanfor Bergen.

Skuleklassen var på opningstur for skuleåret då dei vart sitjande fast under nedturen frå den 2083 meter høge Lodalskåpa, som ligg på grensa mellom Stryn og Luster kommunar og er det høgste punktet i Stryn.

Alt tilgjengeleg mannskap frå politi, Sivilforsvaret og Røde Kors er med på redningsaksjonen. Mellom anna vart ei alpin redningsgruppe floge inn til Kåpevatnet for å ta seg fram til elevgruppa til fots.

(Artikkelen held fram under kartet)

Laster kart, vennligst vent...

Har fått sett ned to redningsmenn

Luftambulansen prøvde tidlegare i kveld å komme seg inn i området, men måtte snu på grunn av vêret. Men like etter klokka 23 letta tåka såpass at ein likevel kom seg inn i området.

– Luftambulansen var klokka 23.09 oppe på fjellet og sette ned to personar frå den alpine redningsgruppa, så dei er der med skuleklassen no, seier Drange.

Det er førebels ikkje teke stilling til om følgjet skal gå vidare nedover saman med kjentfolk, eller om ein skal vente til Sea Kingen frå Ørlandet kjem til staden.

– Viss dei skal gå sjølve, vil vi vente til vi har fleire personar med dei, seier Drange.

Usikre på om dei vert flogne ned

Men det kan også vere eit alternativ å ta ned elevane med redningshelikopter.

– Vi vil få opp nok folk med spesialkompetanse til å frakte dei ned sikkert, anten ved at dei vert følgde ned eller at ein får hjelp frå redningshelikopteret til å frakte dei ned. Det kjem litt an på korleis vêret er i området, seier Drange.

Han kjenner ikkje til kor mange personar redningshelikopteret kan ta med seg i slengen.

– Dei kan iallfall ta nokon i slengen, seier Drange.

Han torer ikkje seie noko om kor raskt dei 15 elevane og læraren vil vere trygt nede att.

– Det er det for tidleg å seie noko om, seier Drange.