Hopp til innhold

Spent stemning på valvaka

– Stemninga er god, men vi er spente. Fylkesordførarkandidat Jenny Følling (Sp) og mange andre lokale politikarar samla i Førde.

Jenny Følling og Frank Willy Djuvik

SPENTE: Uhøgtidlege og lett stemning mellom Jenny Følling (Sp) og Frank Willy Djuvik (Frp).

Foto: Oddleif Løset / NRK

På den store valvaken på Sunnfjord Hotel er alle partia samla, og stemninga er i ferd med å ta seg opp - no berre minuttar før dei første prognosane og resultata tikkar inn.

– Vi veit jo ikkje, men eg har trua på at det går vegen, seier Jenny Følling. Gaularkvinna som kan bli den første kvinnelege fylkesordføraren i Sogn og Fjordane.

Men ho får sterk tevling frå Arbeidarpartiet og deira toppkandidat, Åshild Kjelsnes frå Florø.

Gunnvor Sunde (Samfunnsdemokratene)

SPENT: Gunnvor Sunde og Samfunnsdemokratane er spente før resultata kjem.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg må vel innrømme at eg er veldig spent, seier Kjelsnes, medan ho fiklar med telefonen og sjekkar for resultat på veg inn frå dei ulike kommunane.

I FrP-leiren sit Frank Willy Djuvik og bokstaveleg tala samlar troppane. Frå heile fylket har det kome partifeller, og alle håpar på det same; eit godt resultat frå partiet.

– Stemninga er i alle fall god, iallefall til resultata kjem, glisar Djuvik og får kort applaus frå dei andre FrParane i sofaen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Framstegspartiet

VENTAR: Delegasjonen frå Frp ventar spent på at tavlene skal byrje å fylle seg opp med resultata frå dei ulike kommunane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Spent Gjertsen

Spenninga er minst like stor blant ordførarkandidatane i dei ulike kommunane. Fleire kommunepolitikarar er også samla på hotellet.

I Førde er det venta å stå mellom Høgres Olve Grotle og Arbeidarpartiets Terje Gjertsen.

– Eg er ikkje nervøs, men spent. Tilbakemeldingane har vore gode når vi har snakka med veljarane, seier Gjertsen.