- LES OSGÅ:
- Gåver er heilt vanleg til gudmødre, seier kommunikasjonsdirektør i Fjord, 1 Ingrid Færøyvik.
Meldt for korrupsjon
Debatten har gått høgt rundt Senterpartileiar Liv Signe Navarsete etter at ho mottok eit armband til over 26 000 kroner under ein skipsdåp av ei av dei nye gassfergene til Fjord1 i Florø for fire år sidan.
Ho har mellom anna blitt skulda for korrupsjon, og no er ho også meld til politiet.
- LES OSGÅ:
Eldgammal tradisjon
Færøyvik seier gudmorgåver er ein tradisjon.
- Det er ikkje berre ein nasjonal tradisjon, men det er ein internasjonal eldgammal tradisjon. Det er ein takk for innsatsen til gudmora for den jobben ho gjer, og for ansvaret som følgjer med, seier Færøyvik.
Navarsete har lagt seg flat i media etter at armband-saka vart kjendt.
- Eg har beklaga det. Då eg fekk gåva visste eg ikkje verdien av den. Eg burde ha tenkt på det, men eg gjorde det ikkje, seier partileiaren.
- LES OSGÅ:
Heilt vanlege gåver
I tillegg til eit hardkøyr i media og kraftig kritikk frå fleire hald, har ho også fått ein del støtte.
Administrerande direktør i Havyard Leirvik, Geir Johan Bakke, seier dei alltid gir gåver til gudmødre
- Klokker og armband er heilt vanlege gåver.
- LES OSGÅ:
Behandlar alle likt
Kommunikasjonsdirektøren i Fjord 1 seier gåvene er dei same om ein er statsråd eller ikkje.
- Alle gudmødre vert behandla likt frå verftet og rederiet si side uavhengig av kva posisjonar dei har.
- LES OSGÅ:
- LES OSGÅ: