NRK Meny
Normal

Alle dei tre sikta er sette fri

Alle dei tre tenåringsgutane som er sikta i utuktssaka på Nordfjordeid, er no sette fri. Dei er sikta for seksuell omgang med mindreårig.

Etterforsking valdtekt

MOGLEG ÅSTAD: Overgrepet skal ha skjedd i dette området i Nordfjordeid sentrum.

Foto: Øystein Torheim / NRK

– Alle tre er no avhøyrt og dei to sist blei sette fri frå lensmannskontoret måndag kveld i åttetida, opplyser lensmann i Eid, Webjørn Moa.

Politiet ønskjer førebels ikkje å seie noko om siktinga mot dei tre er oppretthalden, og syner til ei pressemelding som kjem seinare i føremiddag.

Dei tre unge gutane har vore sikta for seksuell omgang med ei mindreårig jente. Jenta melde frå om at ho var blitt valdteken natt til søndag.

Skjedde utanfor festivalområdet

Overgrepet mot den unge jenta, som er 14 eller 15 år, skal ha skjedd i eit smug midt i Nordfjordeid sentrum.

– Det er viktig å presisere at dette ikkje skjedde inne på festivalområdet til Malakoff Rockfestival, sa lensmann Webjørn Moa til NRK måndag kveld.

Påtaleansvarleg i Sogn og Fjordane politidistrikt, Sissel Kleiven, har førebels ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Ho har varsla at politiet ikkje vil kommentere saka vidare før klokka 11 tysdag.

Var på besøk hos slektningar

Det var svært mykje folk samla i Nordfjordeid sentrum sist helg i samband med den store musikkfestivalen Malakoff Rockfestival. Alle dei involverte i overgrepssaka var i sentrum i samband med festivalen.

Den mindreårige jenta som hevdar ho blei valdteken, kjem ikkje frå området, men var på besøk hos slektningar i Nordfjord.

Dei tre tenåringsgutane som er sikta i saka, bur alle i Nordfjordeid-området.

– Eg kan stadfeste at min klient er sett fri, men utover det ønskjer eg ikkje å kommentere saka no, seier forsvarar for den eine av dei to gutane, Elisabeth Elliott.