Hopp til innhold

– Heile landet bør gjere opprør for nærpolitiet

Tidlegare leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen manar til folkeopprør mot omorganisering av politiet.

Manar til folkeopprør, Arne Johannessen

FOLKEOPPRØR: Arne Johannessen skipa i går til folkemøte i Lærdal om politiet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide/Terje Bendiksby / NRK/SCANPIX

– Heile landet bør sjå til Sogn og Fjordane og gjere opprør for nærpolitiet.

Det seier Arne Johannessen, tidlegare leiar i Politiets Fellesforbund. I går skipa han til folkemøte i Lærdal om politiet, og håpar det skal vere gnisten til liknande aksjonar landet rundt.

– Dette er jo det første folkemøtet om politireforma og brannberedskapen. Ja, kall det beredskapsnorge. Og det bør jo fleire ta tak i, seier Johannessen

Heng i lause lufta

Med 50 frammøtte pensjonistar, politifolk og politikarar var det ein forsiktig start på det som tek mål av seg til å bli eit folkeopprør.

– Seinast i går kveld tok fleire kontakt med meg som ønskjer å ha liknande arrangement i sine fylke, fortel Johannessen

Bakteppet er forslaget om å kutte både politidistrikt og lensmannskontor.

Kva kan kome ut av eit slikt opprør?

– Det er jo først og fremst at ein må påverke avgjerdssakene. Og i denne saka her er det sjølvsagt regjeringspartia og støttepartia som er dei aller viktigaste, seier han.

Johannesen peikar på fleire manglar i rapporten som ligg til grunn for omorganiseringa av politiet. Blant anna fråverande drøftingar, manglande analysar og masse konklusjonar som heng i lause lufta.

Navarsete hylla av tidlegare partikollega

VISE GRASROTMAKT: Liv Signe Navarsete støttar engasjementet til Johannessen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Må vise grasrotmakt

Lærdøl og stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete støttar engasjementet, om ikkje ordvalet.

– Eg skal vere med, men eg tenkjer at opprør kanskje ikkje er det rette ordet. Eg trur vi må vise grasrotmakt, og difor er det viktig at slike møter som vi har i dag kan spreie seg til andre kommunar og andre fylke, seier Navarsete.

Ho meiner ein må vise dei som har slike strukturar som store delar av Norge har, nemleg store avstandar og spreidd befolkning, at det er ikkje dei enormt store sentraliserte einingane som er løysinga.

Frank Willy Djuvik

VIL BRUKE DIPLOMATI: Frp-fylkesleiar Frank Willy Djuvik seier ein ikkje treng å setje i gong opprør.

Foto: Torje Bjellaas

I ferd med å oppnå noko

Men i regjeringspartia er ikkje gløden den same. Høgre møtte ikkje opp. Og Frp-fylkesleiar Frank Willy Djuvik vil heller bruke diplomati.

– Så trur eg det er viktig at vi brukar dei kanalane vi har utan at vi nødvendigvis skaper store konfliktlinjer ved å blåse ut store basunar. For eg trur vi er i ferd med å oppnå noko utan at nødvendigvis set i gong eit tradisjonelt opprør, men at folk engasjerer seg er kjempebra.