Hopp til innhold

Alle berga ut etter dramatisk bergingsaksjon

– Det har vore ekstreme vêrforhold, men dei som har stått på der oppe har gjort ein durabeleg jobb, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Sognefjellshytta

EKSTREMT: Både bilistar og bergingsfolk har skildra ekstreme forhold for juni-månad å vere på Sognefjellet.

Foto: Webkamera / Sognefjellshytta

Uvêret har herja for fullt på fjellovergangane måndag. I alt 17 bilar og 39 personar vart berga ut frå Sognefjellet . Ytterlegare 11 personar køyrde seg faste på Tindevegen.

Med så mange innesperra på fjellet vedgår operasjonsleiar Espen Gulliksen at det var ein dramatisk situasjon.

– Vêrforholda er ekstreme. Det har vore rimeleg ille og det er klart at folk er ikkje budde på å møte vinter på denne tida av året, seier han.

Vanskeleg også tysdag

Det var sendt ut obs-varsel grunna vanskelege køyreforhold på fjellovergangane. Det slo til for fullt måndag ettermiddag. Statsmeteorolog Marit Berger ved Vêrvarslinga på Vestlandet seier det ved Sognefjellshytta er målt stiv og sterk kuling i ettermiddag og i kveld.

Med snøfall har det vore store problem for bilistar skodd for sommarføre.

– No er det venta mindre vind i natt, men så vil det auke på att tysdag morgon. På ettermiddagen vil vinden minke att, seier ho.

39 personar berga ut

Sognefjellshytta

EVAKUERTE: Mange av dei som vart berga ut frå snøkaoset vart sendt til Sognefjellshytta.

Foto: Webkamera / Sognefjellshytta

– Det passerer eit lågtrykk forbi i morgon som kan gje ein god del vind. Søraustleg sterk kuling og kanskje ein kortvarig storm. Så er det også sagt at nedbøren vil komme som snø over 1000 meter, så også tysdag kan bli ein trøblete dag, legg Berger til.

Då NRK snakka med politiet like over klokka 21 var 39 innesnødde personar berga ut. Det var også 17 bilar.

– Dei vart gravne ut og sendt i retning Turtagrø/Sognefjellshytta eller austover. Det står att to tomme bilar som ikkje blir berga i dag på grunn av vêret, fortel Gulliksen.

Tre-fire bilar står framleis fast

I 21-tida stod fire bilar og åtte personar framleis fast på Tindevegen. Like over klokka 22 opplyser politiet at også desse er berga ned.

– Alle er kalde, men i god form. Ein bil står tom att i fjellet, opplyser politiet.

Kaoset vart meldt politiet i 17-tida. Bilar på sommardekk køyrde seg faste og snødde inne.

– Dei har nok hatt eit litt skremmande møte med norsk vinter i juni, seier Gulliksen og rosar Røde Kors, politi, frivillige og brøytemannskap for arbeidet som vart lagt ned.

Hos Vegtrafikksentralen i Bergen opplyser trafikkoperatør Ove Amundsen at fjellet no er stengt. Det er uvisst når det opnar att.

Fleire stengde overgangar

I tillegg er Hol–Aurland stengt, medan Hemsedalsfjellet er ope. Filefjell er stengt grunna vegarbeid. På Hardangervidda er det kolonnekøyring grunna oppryddingsarbeid.

Amundsen trur ikkje at det same hadde skjedd for tre-fire månader sidan.

– Folk på sommardekk har blitt overraska av føret. I juni er ein ikkje skodd for vinterføre, men så har det blåst godt opp og snøføyka har kome. Bilane har køyrt seg fast og fjellet er så lunt at på nokre timar står ein med snø over panseret, seier han.