All laksen i Lærdal skal fangast – på film

LÆRDAL (NRK): Opptaka frå undervasskamera skal dei bruka til å få vita korleis laksen oppfører seg i elva.

På breidda av Lærdalselvi ein kald dag i slutten av september, står Anders Lamberg klar til å hoppa uti vatnet. Våtdrakt, symjeføtter og snorkel er på, og han er klar for arbeid.

– Det er stri straum. Det er den største utfordringa. Me får sjå korleis det blir å få arbeidsro uti her, seier Lamberg, som jobbar i Skandinavisk naturovervaking, før han legg på svøm.

Åtte kamera i «Dronninga»

Anders Lamberg

GJER KLART UTSTYRET: Anders Lamberg i Skandinavisk naturovervaking gjer klar kameraa som skal skal ut i elva.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Lærdalselvi er kjend som Dronninga av lakseelvane i Noreg, mykje fordi Kong Harald har fiska her heile livet. Men dei siste åra har talet gytande fisk vore langt under det som er vanleg, og 2018 vart eit dårleg fangstår.

Med dei totalt åtte kameraa som skal uti, håpar stiftinga Nasjonalt villakssenter å få betre oversikt over kva som rører seg i vatnet.

– Poenget med prosjektet er å telja fisk, og få sikker kunnskap om kor mykje fisk som går opp i og ut av elva. I dag baserer me oss på gytefiskteljing og fangst. Dette gir eit mykje meir nøyaktig bilete på kor mykje fisk det er her, seier Alf Olsen jr. Han er dagleg leiar i Stiftinga Nasjonalt villakssenter, og dagleg leiar ved Norsk villakssenter i Lærdal.

Alf Olsen jr.

NØGD MED KVALITETEN: Alf Olsen jr. kan konstatera at det førebels ser bra ut.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Kameraa er sett ut i Lærdalselvi rett bak Norsk Villakssenter. Inne på senteret skal det settast opp skjermar som viser direktebilete frå det som skjer i elva. I haust skal dei setta ut fire undervasskamera på botnen. Til våren skal Lamberg symja ut med fire til.

Oppdrettsnæringa med på laget

Det er mellom 40 og 50 lakseelvar i Noreg som har slike kamerasystem. Men dei fleste av dei er i laksetrapper, og ikkje i ei open elv, som i Lærdal. At elva er stor, gjer det ikkje lettare. Voksen fisk må innanfor fire meter frå kameraet for å få eit brukbart bilete av. Mindre fisk og yngel må endå nærmare.

– Me vil ha færrast mogleg kamera, for då blir det mindre video å analysera. Då må me finna staden der elva er smalast, men der er straumen også sterkast. Det gjer det vanskeleg å plassera kameraa, fortel Lamberg. Det er dei som står for det praktiske med å få på plass systemet.

Anders Lamberg i Lærdalselvi

LITT VASSING, LITT SYMJING: Nokre stader kan Lamberg gå, andre stader er det symjing som gjeld.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Prosjektet kostar 3,7 millionar kroner over tre år. 800.000 kroner er gitt av oppdrettsnæringa.

– Dei ser verdien i å ha objektiv kunnskap både når deira næring skal utviklast, og når lakse- og sjøaurestammane i elvane skal forvaltast, seier Olsen jr.

Kunstig intelligens

– Med åtte kamera, tek det 800 arbeidstimar å analysera videomaterialet frå éin sesong. Og om lag 95 prosent av tida er det ikkje fisk i biletet, seier Lamberg.

Difor undersøker dei om det er mogleg å få kunstig intelligens til å gjera jobben med å filtrera vekk film der det ikkje er noko anna enn vatn i biletet.

– Det blir ikkje lett, men plutsleg dukkar det opp ei genial løysing, seier Lamberg håpefullt.

Anders Lamberg plasserer kamera i Lærdalselvi

JAKTAR LAKSEN: Anders Lamberg plasserer kamera i Lærdalselvi.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK