Hopp til innhold

All helikoptertrafikk langs kysten på Vestlandet er innstilt

Det er full stogg i helikoptertrafikken på Vestlandet. Snø og torevêr gjer at oljearbeidarane verken kjem seg til eller frå land.

Florø lufthamn

KAN BLI STENGD HEILE DAGEN: Vêret skapar problem for avgangane langs heile kysten.

Foto: Birger Meland / NRK

Alle avgangar offshore er innstilte. I Florø og på Flesland er dei innstilte heile dagen. Ved Sola i Stavanger blir det teke ny vurdering rundt klokka 16 i dag, opplyser Equinor.

– Det er fare for lyn og tore til og frå installasjonane, seier flyplassjef Siv Merete Stadheim.

Det var Firdaposten som først meldte om problema på Florø lufthamn.

Også ved andre lufthamner er det full stopp i helikoptertrafikken. Nettstaden Heliport syner at nesten 30 helikopteravgangar er innstilte frå Flesland.

– Det gjeld heile kysten. Flesland har same utfordringar, og det ser ut som at det gjeld i Stavanger òg. Dette er noko heile kysten er plaga med i dag, seier Stadheim.

Nye vêrobservasjonar blir gjort heile tida, men stoppen kan ta lang tid. Mange vert råka.

– Når trafikken ikkje går som normalt så blir det opphoping av folk som skulle ha reist i dag som no må reise i morgon heller. Det kjem til å bli ekstra mange avgangar når vêret blir betre.

Råkar 1150 passasjerar

For Equinor har dette ikkje stor betydning for sjølve drifta av plattformene.

– Dette er sjølvsagt keisamt for dei som hadde lagt planar og var på veg heim eller ut på jobb. Men operasjonelt så får det ikkje konsekvensar. Dette betyr stort sett at folk må vente på å få reise inn og ut frå sokkel, seier Morten Eek, pressetalsmann norsk sokkel i Equinor.

– På denne tida av året er ikkje dette eit uvanleg problem. Me vil berre oppfordre folk til å smøre seg med tolmod, og så set me i gang helikoptertrafikken når forholda tillet det, seier han.

  • I ei tidlegare utgåve av saka stod det at det all helikoptertrafikk er innstilt. Det er feil, det gjeldt Vestlandet.