Hopp til innhold

Starta i det små - no vil «alle» ha hjelp av Ali

FØRDE (NRK): Ali Saleh Alsabaih kom til Førde og sette seg til å sy i garasjen. Knappe halvanna år seinare driv han eiga suksessbedrift.

Ali Saleh Alsabaih sit i ein sofa han restaurerte

NYTREKT SOFA: – Eg trur den kjem til å vare i 100 år, seier Ali Saleh Alsabaih. Sofaen han sit i er restaurert av han og så god som ny. Stoffet på sofaen har ein verdi på 27 000,-.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Kvar dag får eg ein ny kunde. Eg har oppdrag frå heile Sogn og Fjordane, seier Ali Saleh Alsabaih. Han syner fram maskina han nyttar til å sy kantar på stoff til stolar og sofaer. I februar skal han trekkje om to sofaer, seks stolar, eit sett gardiner og to båtkalesjar.

Alsabaih og familien flykta frå Syria og kom til Førde i 2015. Han kunne berre arabisk og måtte snakke med naboane gjennom Google translate. I heimlandet jobba Alsabaih som møbeltapetserar i 20 år, og han var difor interessert i å komme i gang med arbeidet igjen.

Stoff heng langs veggane hjå Ali Saleh Alsabaih

STOFF: Langs veggane i garasjen til Ali Saleh Alsabaih heng stoff frå Libanon og Tyrkia.

Foto: Bente Kjøllesdal / NRK

Lange arbeidsdagar

Etter nokre tilfeldige småoppdrag frå naboar i Furelia, byrja Alsabaih å reklamere for bedrifta si på Facebook. Bilete av ein sofa han restaurerte førte til fleire oppdrag og behov for ei større symaskin. No har han tre symaskiner og ein konteinar for å lagre møblane han jobbar med.

– Eg jobbar frå ni om morgonen til ti om kvelden. Kundar spør om eg blir trøytt, men eg blir ikkje trøtt når eg jobbar, seier møbeltapetseraren.

Møblane som kjem til Alsabaih er ofte gamle og treng mykje arbeid.

– Ein kunde kom til meg med ein stol som var 60–65 år gammal. Eg måtte byte ut alt. Pussa treet, ny måling, nytt stoff og ny skumgummi. Då eg var ferdig var den så god som ny, seier han.

Ny trend

– Mange har gamle møblar ståande på loft, garasjar eller i stova og tenkjer at no skal det trekkjast om og passe inn, seier Maria Ramstad, dagleg leiar ved Marias Hus i Førde. Ho ser at fleire og fleire tek vare på gamle møblar og ynskjer å trekkje dei om.

– Det er unge som finn rimelege møblar og godt vaksne som har møblar frå foreldre eller besteforeldre. Gjenbruk er heldigvis i tida, seier Ramstad.

Maria Ramstad

MANGE VAL: Kundar som kjem til Maria Ramstad vel stoff til møblane sine før dei blir sendt til Ali Saleh Alsabaih som trekkjer dei om.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

For litt over eit år sidan kom Ali Saleh Alsabaih innom Ramstad for å introdusere seg sjølv og bedrifta si. Det førte til eit godt samarbeid.

– Du kan stole på at han gjer godt og grundig arbeid, seier Ramstad.

– Møblane får dobbelt så lang levetid, seier butikkeigaren.

Trekkje om traktorsete

Det er ikkje berre stolar og sofaer som kjem inn døra til syraren for å bli trekte om. På arbeidsbenken i garasjen står eit motorsykkelsete og eit traktorsete klare til å få nytt liv. Dette er oppdrag han ikkje har utført tidlegare.

– Det er litt vanskeleg for meg å fikse traktorsete, men eg kan ikkje seie nei. Eg likar å hjelpe, seier Alsabaih.

Ali Saleh Alsabaih

SKJULTE SKATTAR: I to stolar og ein sofa har Ali Saleh Alsabaih funne fleire myntar, eit passbilete og ei naglefil.

Foto: Bente Kjøllesdal / NRK