Hopp til innhold

Alfred Bjørlo inn i sentralstyret

Laurdag ettermiddag vart Eid-ordførar Alfred Bjørlo vald inn i sentralstyret i Venstre. I formiddag vedtok partiet ei fråsegn mot fjorddeponi for gruveavfall i norske fjordar.

Alfred Bjørlo

INN I SENTRALSTYRET: I går vart Alfred Bjørlo vald inn i sentralstyret, og venstrepolitikaren seier Sogn og Fjordane har enormt potensiale for ein ny, miljøvenleg næringspolitikk

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Førdefjorden er ein av to fjordar som vert nemnde i fråsegna, som vart vedteken etter forslag frå Sogn og Fjordane- og Finmark Venstre. Partiet skriv at Noreg er eitt av berre fem land i verda som nyttar sjø og fjordar til deponering . Dei andre er Indonesia, Tyrkia, Papua Ny-Guinea og Fillipinene.

Planane om fjorddeponi i Førefjorden har vore omstridde.

– Deponi er misbruk av naturen

Sentralstyra i partia er dei høgaste organa som styrer det politiske arbeidet i norske parti frå veke til veke.

Som nyvald medlem til sentralstyret i Venstre, seier Alfred Bjørlo at han vil jobba hardt for å unngå eit fjorddeponi i Førdefjorden.

– Gruvedeponiet vert no løfta opp av landsmøtet. Og det er absolutt noko eg vil kjempe mot. Deponi er eit misbruk av naturen som nesten alle andre land i verda har forlate, seier Bjørlo.

Han meiner saka om gruvedeponiet representerer noko større enn den enkelte saka.

– Det handlar om eit val vi som samfunn må ta. Vi må skaffe arbeidsplassar, men det kan vi gjere ved ei storstilt satsing på ein ny, miljøvenleg næringspolitikk. Vi må satse på miljø og næring samtidig.

Og dette er spesielt viktig for Sogn og Fjordane, seier Bjørlo.

– Vi har sprunge i bakrekke for å plukke opp smulane av oljeeventyret. Men med dei kjenneteikna vi har her i fylket, har vi eit enormt potensial for å stå i fremste rekkje når vi lagar den nye og miljøvenlege næringspolitikken

Sa nei i 2012, seier ja i dag

Bjørlo var aktuell for sentralstyret også for to år sidan. Men då hadde han etter eigne utsegn ikkje den rette motivasjonen. Det har endra seg.

– Eg merkar eg har ein større motivasjon og drive for å gjere ein rikspolitisk jobb. Dette er utruleg kjekt og ei stor tillitserklæring og ein jobb som gler meg veldig til å ta fatt på. I tillegg har eg fått løfte om at eg kan delta på enkelte av møta på videokonferanse.

Difor meiner han det ikkje vil gå ut over ordførarjobben i Eid eller rolla på fylkestinget, der han også er medlem.

– Nei, eg er ikkje redd for at det går ut over det. Heller tvert i mot. Fordelane for kommunen og Sogn og Fjordane vil vere langt større enn ulempene. Vi treng folk frå fylket med ei stemme i rikspolitikken.

Han nyttar Liv Signe Navarsete som eit eksempel på det.

– Vi kan vere rykande ueinig med ho politisk, men at ho gjennom rolla som partileiar og statsråd har betydd mykje for Sogn og Fjordane er heilt klart. Vi treng fleire som tek ansvar og er med nasjonalt. Det skal vi vere glade for på tvers av parti. Eg vil oppmode folk i alle parti om det.