Hopp til innhold

Alfred Bamse skal ut på nye eventyr!

Den vesle tøybjørnen har tidlegare vore både offshore og på sjukehusa i fylket. No tek reiseleiar, manager og forfattar Kurt Rutledal han med på nye eventyr. Men denne gongen går ikkje turen så langt.

Alfred Bamse

VENDER HEIM: Denne gongen skal Alfred Bamse korkje til sjøs eller til sjukehus, men held seg i heimkommunen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Denne gongen skal han til Askvoll kommune, heimkommunen. Han har forska på den og reist rundt overalt, seier Rutledal om den reisevande bamsen.

Den vesle teddybjørnen har tidlegare vore på oppdagingsferd på oljeplattformene offshore. Det gav meirsmak og seinare tok han turen til sjukehusa i Førde, på Nordfjordeid og i Lærdal. Det har enda med to barnebøker.

– Han måtte ha noko å gjere

Alfred Bamse går på skule. Han er bamsen til 1.–3. klasse på Bulandet skule.

– Eventyret vårt starta då eg vitja skulen i 2008. Då hadde Alfred vore på besøk hjå alle elevane, og dei visste ikkje kvar dei skulle gjere av han resten av året. Dei ville eg skulle ta han med til Nordsjøen slik at han kunne fortelje om reisa då han kom heim, seier Rutledal.

Det enda med ei rik historie med mange bilete, der Alfred Bamse er med på alt som føregår på ei oljeplattform. Og han vart godt motteken.

– Dei var eit einaste stort smil då bamsen var på besøk. Og dei kom inn på kontoret og spurde om dei ikkje kunne få ta med Alfred på jobb.

Etter boka reisa rundt til sjukehusa i fylket i 2011, vender Rutledal og Bamse nasen heim når dei skal lage den tredje barneboka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kurt Rutledal og Alfred Bamse

PÅ BESØK: Måndag var Kurt Rutledal og Alfred Bamse på besøk hjå NRK for å fortelje om den komande barneboka om heimkommunen Askvoll.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vil auke stoltheita i kommunen

– Eg leste om eit omstillingsprosjekt i Askvoll kommune, fordi folketalet hadde byrja å gå ned. Så dreiv eg å spikra platting, og hadde teke meg nokre øl, seier Rutledal

Det var då ideen kom.

– Eg tenkte: Alfred Bamse kan kanskje hjelpe til i kommunen. Om ikkje direkte med folketalet, så i alle fall med å auke stoltheita i kommunen, og gje litt bulyst og litt reklame.

Då reiste han til ordførarkontoret, og vitja ordførar Frida Melvær. Han prata også med leiaren i omstillingsprosjektet. Dei tykte det var ein god ide, og støtta han med 50.000 kroner.

– Det gav meg grunnlaget som gjorde at eg torde å starte. Og då starta ein ny runde med reising og dokumentasjon.

– Det finst meir her enn folk anar

I høve rundturen i heimkommunen er bamsen flott kledd, med den originale t-skjorta til ordføraren, Askvoll-pins og namneskilt. Og på turen har dei fått oppleve mykje. Faktisk så mykje at det har overraska.

– Det er mykje meir å sjå og oppleve her enn eg visste på førehand. Og alle eg har prata med som har sett boka seier at dei masse dei ikkje visste om, seier Rutledal.

Han vil spesielt trekkje fram Grimelid, som han fortel at saman med Sogndal var dei to største bygdene i Sogn og Fjordane på midten av 1800-talet.

– Det er ein stad du ikkje køyrer til om du ikkje skal dit. Der er masse gamle gruver som fortel ei interessant historie om gruvedrifta.

Boka som endå ikkje har fått tittel vil ha mange flotte bilete frå Askvoll. No har forfattaren gjeve opp å avslutte Alfred sine eventyr.

– Etter kvar bok har eg tenkt at det ikkje skal kome ei ny. No har det vorte tre. Så det vert vel berre å slappe av til det kjem ein ny ide, tenkjer eg. Alfred skal jo byrje på skulen att no 18. august. Då vert han travelt oppteken ei stund.