Hopp til innhold

Ålfoten og Myklebust fekk mest regn

Ålfoten målestasjon var den staden i Sogn og Fjordane det kom mest nedbør fredag 10. august. Her kom det 55,7 mm i løpet av den regnfulle fredagen. Myklebust på Breim var nummer to på lista, her kom det 49 mm med nedbør. – Dette er ikkje spesielt store nedbørsmengder for Sogn og Fjordane. Det var eit stormsystem som gjekk frå Sør-Noreg og gav mykje stedvis nedbør, seier Rafael Escobar Løvdahl ved Meteorologisk institutt.