Hopp til innhold

Må betale tilbake 20 millionar - vurderer anke

Alexela Sløvåg AS er dømt til å betale 20 millionar kroner til forsikringsselskapet Protector etter Vest Tank-ulykka i Gulen i 2007.

Eksplosjon Sløvåg

MÅ BETALE TILBAKE: Alexela Sløvåg må ut med meir enn 20 millionar kroner i erstatning, renter og sakskostnader til Protector Forsikring.

Foto: Kåre Ness

Protector Forsikring vant i Nordhordland tingrett mot Alexela Sløvåg AS og må betale tilbake dei pengane som urettmessig var blitt utbetalt i forsikringsoppgjer etter Vest Tank- eksplosjonen i Gulen i 2007.

– Vi er svært fornøgd med tingretten sitt resultat og meiner det riktig. Tingdommarane har gjort ein god jobb, seier direktør i Skadeoppgjer Skandinavia i Protector Forsikring ASA, Fredrik Messel.

– Vi synest dommen er uventa streng og vurderer no dommen grundig og vurderer sjølvsagt å anke, seier Lars Narverud, dagleg leiar i Alexela Sløvåg.

Førte til store skadar

Det var i mai 2007 at fleire tankar eksploderte ved Alexela. Då hadde selskapet frå 2006–2007 tatt imot bensinavfall og plassert på tankar som ikkje var godkjende.

Avfallet som eksploderte var levert til Vest Tank av Trafigura som eig Alexela. Det er òg Trafigura som har investert i Sløvåg. Tidlegare har Alexela teke imot samme avfall på sitt anlegg i Estland, men gav opp å behandle det der.

Eksplosjonen resulterte i ein svær brann der store mengder røyk og gass vart spreidd i området. Eksplosjonen førte og til stor materielle skadar og drifta blei skadelidande, og det blei store utgifter til opprydding og reinsing av grunnen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alexela i Sløvåg i Gulen.

VURDERER ANKE: Alexela Sløvåg AS vurderer å anke etter at dei no er dømd til å betale tilbake 20 millionar til forsikringsselskapet Protector.

Foto: Steinar Lote / NRK

Usikker på erstatninga

Dagen før eksplosjonen kjøpte Alexela selskapet Vest Tank av Trond Emblem.

Protector forsikring meiner det estisk eigde selskapet Alexela ikkje hadde krav på erstatning fordi den tidlegare eigaren gav feil opplysningar om Sløvåg-anlegget.

Emblem er dømd for dette. Alexela meiner på si side Protector sjølv har slurva, og dei ikkje har undersøkt kva aktivitet bedrifta dreiv med.

– Vi meiner retten ikkje har teke stilling til det vesentlege, nemleg at Alexela, ikkje hadde noko fordel av det sviket som vart gjort av Emblem. Fordelen gjekk til han personleg og til Vest Kran, seier Narverud.

Messel på si side meiner dommen er tydeleg på dette.

– Dei viser til at Emblem var eineeigar av selskapet og styreformann og sørga for at det blei utbetalt feil beløp. Korleis han har handtert det etter at vi betalte beløpet til Vest Tank, er noko som ikkje er vedkommandes erstatningskrav, seier han.

Fredrik Messel

FORNØGD: Direktør i Skadeoppgjer Skandinavia i Protektor Forsikring ASA, Fredrik Messel.

Foto: Kristin Jacobsen

Gjekk til motsøksmål

Alexela Sløvåg AS fremja søksmål mot forsikringsselskapet Protector Forsikring ASA etter eksplosjonen i tankanlegget i Sløvåg.

I 2010 gjekk Protector Forsikring til motsøksmål med krav om tilbakebetaling av utbetalt deloppgjer.

Forsikringsselskapet fekk tingrettens medhald, og Alexela Sløvåg, som gjekk under namnet Vest Tank AS då eksplosjonen skjedde, må betale tilbake det beløpet forsikringsselskapet kravd og Protector Forsikring vert frifunnen.

Vurderer anke

Narverud i Alexela Sløvåg seier han kan vere einig i at noko skal betalast tilbake, men ikkje alt.

– Det synest vi er urimeleg, og vi meiner at det finst rettspraksis på det motsette og vurderer å anke, seier han.

Når tek de endeleg stilling til det?

Vi har no ein månad på oss før ankefristen, så innan ankefristen vil vi ta stilling til det. Den prosessen går føre seg no, men vi treng nokre dagar på det, forklarar Narverud.

Messel seier dei må gjerne anke, men trur ikkje Alexela vil nå noko meir fram i ei eventuell anke.

– Det er sjølvsagt slik rettssystemet er, men no veit vi og at dersom ein tapar med sakskostnader i ein lågare rettsinstans, så bør ein vere svært nøye med kva ein gjer, men vi er klare til å forsvare saka vår i lagmannsretten vi om det skulle vere nødvendig.