Hopp til innhold

Alexela har reinska tankanlegget

Alexela Sløvåg AS har fullført arbeidet med å tømme tankanlegget i Sløvåg.

Sløvåg

Alexela Sløvåg AS har no fullført arbeidet med å reinske anlegget for avfallstoff etter ulukka i 2007.

Siste avfallsrestane etter Vest-Tank ulukka blei fjerna frå Sløvåg onsdag kveld. Eit skip tok med seg avfallet, som no blir frakta til Tyskland.

Utsett fjerninga fleire gonger

Eksplosjon Sløvåg

Eksplosjonen i Sløvåg i 2007. No, tre år seinare, er anlegget rydda.

Foto: Kåre Ness
Sløvåg

No vil Alexela starta drift av oljeterminal i Sløvåg.

Håkon Ivarson i Alexela.

Håkon Ivarson i Alexela

Foto: Steinar Lote / NRK
Sløvåg

Bemanninga på anlegget aukar frå åtte til 25 når drifta av anlegget kjem i gong att

Synfaring på Alexela Sløvåg

Synfaring på Alexela Sløvåg

Foto: MMS-foto: Trude Bakke / NRK
Prøver fra tankene i Gulen

Prøver fra tankene i Gulen

Foto: Kjersti Knudssøn / NRK
Frå folkemøtet om Sløvåg-ulukka 22.10.08

Folk i Gulen fekk plager etter ulukka. Her er folkemøtet om Sløvåg-ulukka i oktober 2008.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Avfallet vert destruert på anlegget til Ölrecycling GmbH i Bremerhaven, Tyskland.

Fjerninga har vore utsett fleire gonger, og siste tida har kulda sett ein effektiv stoppar for oppryddingsarbeidet.

Klima- og Forureiningsdirektoratet har gjeve tillatelse til at fartøyet kan reise frå Sløvåg etter bedrifta si eiga vurdering. Direktoratet vil ha ein kontroll av anlegget førstkommande fredag.

Vanskeleg arbeid

- Arbeidet med å fjerne avfallet har vore mykje vanskelegare enn det vi først trudde, seier administrerande direktør Håkon Ivarson i Alexela Sløvåg.

Han seier at det kalde vêret har ført til utfordringar. I tillegg har dei slite med å få tømt tankane skikkeleg.

Godt samarbeid

Ivarson rosar dei tilsette som har utført arbeidet med tømminga. Han er også nøgd med samarbeidet dei har hatt med myndigheitene i saka.

- Vi har hatt eit godt samarbeid med forureiningsmyndigheitene undervegs i prosessen, meiner han.

Tilset fleire

No kan Alexela få løyve til å drive tankanlegget som oljeterminal frå klima og forureiningsdirektoratet. Deretter må Gulen kommune gje tillatelse til drift.

Når drifta vert sett i gong vil Alexela auke bemanninga si frå åtte tilsette til 25.

- Vårt mål er å gjere oljeterminalen til ei trygg og lønsam bedrift, seier Ivarson.