Eksplosjonen for to år sidan skremmer innbyggjarane i Sløvåg og Gulen til skepsis til Alexela Sløvåg sine planar for tomta.
- Det eg trur er viktig for at folk i Gulen skal bli roa, er at staten verkeleg følgjer opp ansvaret sitt med tilsyn og at SFT og DSB både sjekkar papir og er ute på plassen og følgjer med, seier ordførar Trude Brosvik (KrF).
Skeptisk til Trafigura
Heller ikkje nabo til anlegget, Gjermund Halsvik, stolar på Alexela så lenge selskapet Trafigura er medeigarar. Oljehandselsverksemda stod bak giftutsleppet som kravde 15 dødsfall på Elfenbeinskysten, og leverte avfallet som gjekk i lufta i mai 2007.
- LES OGSÅ:
- Tidlegare erfaringar og hendingar har vist at Trafigura har drive verksemd som ikkje toler dagens lys, seier han.
- Noko anna enn Vest Tank
Alexela Sløvåg har søkt om løyve til mellomlagring til bensin og dieselprodukt. Dette er aktivitet som finst mange stader og folk er positive på visse vilkår. Onsdag kveld var det folkemøte i Gulen om planane til Alexela. Administrerande direktør i Alexela, Håkon Ivarson, oppfatta forsamlinga som positiv.
- Mi oppfatning er at folk flest innser at det å drive ein oljeterminal er noko anna enn det Vest Tank dreiv med i si tid, seier han.
- Medverkar til frykt
Han meiner ordlyden til ordførar Brosvik medverkar til å halde oppe eit negativt inntrykk etter Sløvåg-ulukka. Han forventar at ordføraren i staden er med å støttar opp om næringslivet i Sløvåg industriområdet.
- Eg føler at kanskje ordføraren medverkar litt meir enn nødvendig til unødvendig frykt. At ein kanskje med å velje litt meir forsiktige ord, kan bidra til at såra kan gro og kome vidare, meiner han.