Hopp til innhold

Rybak tok Måløy med storm

Det var stor stemning då ein strålande opplagt Alexander Rybak hadde konsert i Måløy søndag ettermiddag.

Alexander Rybak i Måløy

Både publikum og Alexander Rybak kosa seg i Måløy.

Foto: Bjarne Eldevik

Knappe 1500 tilskodarar hadde teke turen for å sjå og høyre Grand Prix-vinnaren. Det var flest foreldre med små born som hadde kjøpt billett til konserten.

- Men det var også ein del ungdom og særleg unge tenåringsjenter, seier koordinator i Måløydagane, Roy Aron Myklebust.

Sjå bileta frå Alexander Rybak-konserten

Drog til på fela

Alexander Rybak

Alexander Rybak kom med fela.

Foto: Bjarne Eldevik

Rybak kom til Måløy med helikopter, gliste og var nøgd med både veret og naturen.

Myklebust seier at konserten vart ein suksess og at Rybak hadde eit veldig bra show. Han drog til på fela og rocka saman med gitaristen i bandet.

- Han hadde med dansarane i Frikar og det vart ein kjempekonsert med høg stemning. Det er lenge sidan vi booka han, og det var stort då han endeleg stod der.

Høgdepunktet

Publikum på Alexander Rybak-konserten

1500 såg Rybak i Måløy.

Foto: Bjarne Eldevik

Høgdepunktet i konserten var då han spelte vinnarlåta Fairytale og folk song med. Etter det vart det eit ekstrannummer.

Rybak flørta med publikum og sa at dei burde fått arrangert den eine delfinalen i Grand Prix neste år i Nordfjordhallen.

Drakk av same glas

Underveg i konserten lurte Rybak på om nokre var tørste og ville drikke litt vatn. Det var det sjølvsagt mange som ville, og ei heldig jente fekk drikke av glaset til idolet sitt.

Og varmen i Måløy gjorde til at nokre personar måtte få hjelp av Røde Kors. Dei vart tekne hand om og fekk kvilt seg og kjøla seg ned.

Gjekk bra økonomisk

Konserten skulle eigentleg vore på torget i Måløy, men vart flytta parkeringsplassen Larsmarka fordi flest mogeleg skulle få sjå den nye stjerna.

- Med omlag 1500 selde billettar er vi nøgde. Eg sa på førehand at eg skulle vere nøgd om 1200 kom på konserten. Økomisk ser det bra ut og vi går ikkje med underskot iallefall, seier Myklebust.