Hopp til innhold

Alex har fått tilbod frå Sogndal

Sogndal Fotball har gitt Alexander Ødegaard eit kontraktstilbod som han no vurderer. Sogndal har ein spelar frå Senegal på prøve, og i dag var og Stabæk-spelaren «Mix» Diskerud på trening i Sogndal.

Alexander Ødegaard

MOTIVERT: Alexander Ødegaard (i midten) har fått eit tilbod frå Sogndal. Til høgre Gustav Valsvik.

Foto: Geir bjarte Hjetland / NRK

På treninga til Sogndal onsdag skulle Coly frå Senegal vise seg fram. Det vart nokså kortvarig, for etter få minutt av treninga vart han stempla slik at han måtte hinke av bana.

– Bra spelar

Dermed var det smått med inntrykk han greidde å gje Sogndal-leiinga. Spelarutviklar Håvard Flo håpar skaden ikkje er verre enn at han kan få vist seg fram før han dreg tilbake til Afrika.

– Han skal vere her til over helga, men då må han tilbake til Senegal, for laget hans skal spele kampar. Coly er ein bra spelar, han har landskampar på aldersbestemte lag for senegal, men han har ikkje fått det endelege gjennombrotet enno.

Coly frå Senegal på prøvespel i Sogndal

MED ISPOSE: Coly frå Senegal vart skadd etter få minutt på treninga der han skulle vise seg fram.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Alex er kjempemotivert

Når det gjeld Alexander Ødegaard har altså Sogndal gitt han eit opplegg som han no skal ta stilling til. Håvard Flo har tru på at den tidlegare Fosshaugane-helten kan tilføre Sognal noko.

– Alexander gir jernet, og han seier han er kjempemotivert, så får vi sjå kva avgjerda vår blir. Men med ein Alex i form og kanskje nokre kilo lettare så kan han definitivt vere eit aktivum for oss.

Mikkel Mix Diskerud på Sogndal-trening

BERRE PÅ VISITT? Mikkel Mix Diskerud i Sogndal-trøye på treninga onsdag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Mix er på laksefiske

Og så dukka Stabæk-spelaren Mikkel «Mix» Diskerud opp på Sogndal-treninga onsdag, men Håvard Flo avviser at han er Sogndal-aktuell.


– Det eg veit er at han er og fiskar laks i Jølstra. Han hadde lyst å kome inn hit for å få litt trening i beina. Eg trur han er mellom to stasjonar no, han er aktuell for ein klubb i Belgia. Vi har berre teke imot han som ein gest slik at han får lov til å trene med oss ein dag.

Håvard Flo og Mikkel Mix Diskerud

- IKKJE AKTUELL FOR SOGNDAL: Håvard Flo avviser at Diskerud er aktuell.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Keepertalent på plass

Det som er sikkert er at keepertalentet Mathias Dyngeland no er på plass i Sogndal som ein del av keeperteamet.

– Mathias er eitt av dei største keepertalenta eg har sett, og eg gler meg til å sjå utviklinga hans, seier førstekeeper Kenneth Udjus til Sogndal Fotball si nettside.

Sogndal har no tre målvakter, Kenneth Udjus, Leif Lysne og Mathias Dyngeland.

Mathias Dyngeland

NY MÅLVAKT: Mathias Dyngeland.

Foto: Rune Sjøberg / Sogndal Fotball

Småskadar

Sogndal hadde ei tøff speleøkt onsdag, så tøff at både Ulrik Flo og Ørjan Hopen hinka av bana med småskadar. Håvard Flo seier det ikkje er noko alvorleg.

– Vi håpar å stille mannsterke mot Stabæk på søndag. Det ser bra ut, vi håpar vi kan byggje på det gode i kampen mot Tromsø, og så må vi jobbe med det vi kan utvikle oss på.