Hopp til innhold

Åleinemor frå Lærdal knuste alle i maraton

Lærdalskvinna Åslaug Golf Kaardal (32) gjorde storeslem og slo til og med herrane under laurdagens Bergen City Marathon. Ho vann rutinert på tida 2.59.57.

Åslaug Golf Kaardal

I FINT DRIV: Åslaug Golf Kaardal i fint driv like etter Bellevue.

Foto: Mia Pettersen

– Eg var veldig nøgd. Eg hadde ikkje venta det skulle gå så bra. Det vart ny personleg rekord, og det hadde eg aldri trudd. Det har vore ein litt tung vinter, så eg har ikkje fått lagt det grunnlaget eg hadde ønskt, seier Kaardal.

Ho vil ikkje kalle seg ein aktiv løpar, men spring fordi ho tykkjer det er kjekt. Sitt første maraton sprang ho 2009, og sidan har det berre balla på seg. I fjor deltok ho på styrkeprøven Norseman som ho fullførte på 14 timar og 19 minuttar.

Har alltid likt å springe

– Eg har aldri vore aktiv, men eg spring for å halde meg i form. Eg har alltid likt å springe, og tykkjer det er moro, seier Kaardal.

Ho hadde eigentleg jobbehelg som politibetjent i Lærdal, men måtte be om litt avspasering på laurdag for å få tid til å springe maraton.

– Det er første gong dei arrangerte City Marathon i Bergen, og eg hadde frykteleg lyst til å vere med, seier Kaardal.

Og det skulle vise seg å vere lurt, for det var ingen som klarte å slå lærdalskvinna, ikkje ein gong mennene.

Deltek berre for å ha det kjekt

Kaardal presiserer at ho ikkje deltek for å få resultat, men for å ha det kjekt.

– Det er det at det er gøy som driv meg, seier Kaardal.

Som åleinemor må ho planleggje for å få tid til å trene innimellom jobb og anna. Men med foreldre og bror på tunet, hjelper det i ein travel kvardag.

– Eg har fått kjempehjelp frå foreldra mine. Det hadde ikkje vore så lett utan, seier Kaardal.

Likar lange distansar

Ho legg til at trening har vorte ein rutine i livet hennar.

– Eg trenar når eg ser at eg har ei opning. Eg prøver å få til eit par kvalitetsøkter med lengre intervalløkter innimellom, men eg går også ein del i fjella. Det viktigaste er å vere allsidig, trur eg, seier Kaardal.

Ho legg ikkje skjul på at ho likar lange distansar.

– Det må vere litt slit. Det er utruleg herleg når du kjenner at det røyner litt på, seier ho.

Neste utfordring blir i byrjinga av juni på Beitostølen.

– Eg har meldt meg på fjellmaraton. Så får vi sjå, seier Kaardal.