Hopp til innhold

Johan fekk sjå fem ørner sveve rett over seg

– Det var eit fascinerande syn, men litt skremmande også.

Ørn

SVEVANDE ØRNER: Fem ørner svevde nyleg like over hovudet til Johan Vadøy. Han opplever ofte å sjå to - tre ørner når han er på tur for å sjå til sauene sine - som her frå ein tidlegare tur.

Foto: Johan Vadøy

Johan Vadøy skulle ut på ein av sine faste turar for å sjå til villsauene. Vest av Kalvåg fekk han eit spesielt syn.

– Då såg eg fyrst to ørner. Så var dei tre. Og til slutt var dei fem ørner som sveva over meg. Dei var så nærme som 30 meter, trur eg. Eg lurte på om eg hadde noko med meg eller over meg som gjorde at ørna samla seg rundt meg, fortel Vadøy med entusiasme.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ørn

MAJESTETISK: - Det er eit fasinerande syn å sjå ørna sveve over deg, seier Vadset.

Foto: Johan Vadset

Skremmande, men fasinerande

– Det var jo eit fascinerande syn! Kanskje litt skremmande når du tenkjer på at det var fem rovfuglar som sveva rundt meg. Men det var jo eit utruleg flott syn då å sjå på ørna som svevar, seier Vadøy.

Han opplever ofte naturen på nært hald, både natur og dyresynet.

– Når eg har villsauer ute så burde eg kanskje sett ørna som ein fiende. Men eg er blitt meir og meir oppteken av å sjå ørna i bevegelse og sjå fuglen i seg sjølv. Det er jo ein attraksjon!

– Har du nokon gong sett så mange som fem ørner på same tid?

– Det trur eg må vere fyrste gong. Tidlegare har eg fleire gonger sett tre ørner saman. Men aldri før fem på same tid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ørn

SVOLTEN ØRN: Vadøy møter ofte ørner når han skal sjå til sauene sine.

Foto: Johan Vadøy

Svoltne ørner

Ettersom Vadøy fekk auge på ørnene like ved villsauene sine, mistenkjer han at ørna har hatt dei i kikkerten som mat tidlegare i vår.

– Eg trur at ørna har tatt nokre av lamma. Men det er like mykje fordi vi har hatt ein spesiell vår, men ørna må ha mat også. Og når matgrunnlaget for ørna ikkje er komme i gong. Fuglane har vore så seine med hekkinga si og då går den meir til angrep på andre.

Likevel vil han ikkje vere med på at ørna er ein fiende.

– Men eg må berre innsjå at det er ein utruleg fasinerande attraksjon og det er ein utruleg opplevelse å få sjå ørn.

Ingen debatt

Vadøy ønskjer ikkje vere med på noko diskusjonar rundt ørna og kor stor bestand ein skal ha. Men at ørna høyrer heime i naturen er han ikkje i tvil om.

– Vi må ikkje gløyme at ørna er eit naturleg element i naturen.