Hopp til innhold

Aldri før har så mange frå fylket vore nominert til Spellemannprisen

Sogn og Fjordane har kanskje aldri vore betre representert under Spellemannprisen enn i år med tre artistar i fire kategoriar.

Det er duket for en heidundrende feiring av det norske musikkåret 2017 når Spellemannprisen går av stabelen direkte fra Oslo Konserthus! 
Hvem har laget "årets hit" og hvem blir "årets Spellemann"? Disse og 10 andre priser skal deles ut i showet som også er proppfull av live opptredener fra blant andre Alan Walker, Dagny, Hkeem og jazzsensasjonen Gurls!
Programledere er Jenny Skavlan og Thomas Felberg.

Her kan du sjå del to av Spellemannprisen 2017 direkte frå klokka 20.15. Kjartan Lauritzen frå Balestrand er nominert som årets nykommar.

Siste: Kjartan Lauritzen blei ikkje årets nykommar. Det blei heller ikkje pris til Good Time Charlie eller Erlend Apneseth.

Jølstringen Erlend Apneseth er nominert både i open klasse og folkemusikk, Arle Hjelmeland og sunnfjordingane i Good Time Charlie i blues og balestrendingen Kjartan Lauritzen for årets nykommar.

Full pott

Erlend Apneseth har gjort to plateprosjekt og er nominert for begge.

– Det er fantastisk. Det var ei stor og gledeleg nyheit å få på tampen av året. Over all forventning, seier Apneseth.

Og som førstereis til Spellemannprisen kjenner han litt ekstra på nervane.

– Eg har litt sommarfuglar i magen, men det er ikkje berre på grunn av prisutdelinga. Også det å sitte i salen der med så mykje flinke folk, seier han.

Kjartan Lauritzen

NYTT PRISDRYSS?: Kjartan Lauritzen fekk prisen Luttprisen for 2017. No kan han også få Spellemannprisen for årets nykommar.

Foto: NRK

Arle Hjelmeland og Good Time Charlie var sist nominert tilbake i 2008 og ser fram til prisutdelinga.

– Eg er ganske spent, men vi reiser ned for å ha det gøy. Det er ei ære å vera nominert og får vi den ikkje, så får vi den ikkje. Men det hadde vore utruleg kjekt å få den, eg skal innrømme det, seier Hjelmeland.

Om det vert pris til anten Good Time Charlie eller Erlend Apneseth vert klart mellom klokka 17.00 og 18.25. Sendinga kan du sjå på NRK 2 eller i videovindauget øvst i saka. Om Kjartan Lauritzen vert årets nykommar vert klart mellom klokka 20.15 og 21.55. Direktesendinga ligg under eller går på NRK 1.