Normal

Aldri før har så få døydd i brann

Hittil i år er berre 22 omkomne i brann i Noreg, talet på omkomne har gått jamt nedover dei siste åra.

Ingen var i huset då det byrja brenne.

FÆRRE DØYR: Stadig færre menneske døyr i husbrannar i Norge.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Dette er ei formidabel utvikling i riktig retning, seier Øyvind Setnes, førebyggingsekspert i Tryg forsikring.

Talet på omkomne i brannulukker har gått jamt nedover dei siste åra. I 2016 omkom 40 personar i brann, medan snittet sidan 1979 har vore 64 omkomne årleg. Hittil i år er berre 22 personar omkomne i brann.

Det er ikkje ein merkbar nedgang i talet på brannar, men folk er vorte flinkare til å sløkka brannen før brannvesenet kjem fram.

Desember og januar verst

Faren for brann aukar utover kvelden, og desember og januar er spesielt utsett. Bruk av stearinlys, vedfyring og elektrisk oppvarming aukar faren for brann.

43 prosent av utrykkingane til brannvesenet i 2016 var på grunn av brann eller branntilløp ved komfyren.

I perioden 1. mai 2016 til 30. april 2017 ligg Oslo og Finnmark på topp i talet på brannar per innbyggar, ifølgje tal frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap.

Rogaland, Akershus og Sogn og Fjordane har færrast brannar.

Brannar i perioden 1. mai 2016 til 30. april 2017

Fylke

Per 100 000 innbyggar

Tal på brannar

Oslo

96.59

644

Finnmark

91.93

70

Sør-Trøndelag

74.68

237

Vestfold

70.84

175

Oppland

64.39

122

Buskerud

64.35

180

Aust-Agder

64.28

75

Vest-Agder

63

116

Nordland

58.06

141

Nord-Trøndelag

56.84

78

Møre og Romsdal

55.21

147

Troms

54.94

91

Hordaland

54.04

281

Østfold

53.26

156

Hedmark

53.01

104

Telemark

50.2

87

Sogn og Fjordane

48.07

53

Akershus

45.67

276

Rogaland

41.31

195

Vegopning på Bergum i Førde kommune