Hopp til innhold

Aldri før har han fått telefonar frå så mange fiske-kjøparar

Ervik Havfiske på Stadt har aldri før blitt ringt opp av så mange som vil kjøpe fisk.

Stig Ervik er nøgd med fjorårssesongen

PÅ KARTET: Dagleg leiar ved Ervik Havfiske, Stig Ervik, følgjer nøye med på kartet kor fiskebåtane oppheld seg til ei kvar tid.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det som tidlegare gjekk til Russland var lever og andre ting. Det er vanskelegare å selje. Men kvitfisk, slik som torsk og hyse, går godt andre stadar i verda. Vi har aldri vorte ringt opp av så mange kjøparar som no i januar, seier dagleg leiar i Ervik Havfiske, Stig Ervik.

Han legg ikkje skjul på at det er kjekt når året startar slik.

– Det er heilt supert når det er kjøparar som ringjer og seier dei vil kjøpe fisk, seier Ervik.

  • Les også:

Godt nøgd med fjoråret

– Fiskeriet var bra i 2014. Vi fekk betre prisar når det lei ut på ettersommaren og hausten. Vi hadde eit ok år i fjor, seier Ervik, som totalt sett er godt nøgd.

Men også for Ervik Havfiske fekk kronefallet konsekvensar.

– Vi får betre pris på grunn av kronefallet, men så sit vi litt i valutaposisjonar som verkar negativt inn på finansresultatet, seier Ervik.

Det endelege resultatet for selskapa skal vere klare i mars/april.

– Det vert pluss, men kor stort, torer eg ikkje seie, seier Ervik.

  • Les også:

Har slutta å ta båtane tilbake etter endt sesong

Ervik Havfiske er Norges største autolinerederi, og er involverte i drifta av 15 linefartøy og eitt garnfartøy. Og båtane held seg stort sett langt frå moderlandet.

– Vi har nokre båtar i Barentshavet og fire i Sørishavet, seier Ervik.

Siste åra har dei hatt folk stasjonerte i sør heile året.

– Vi har hatt nok kvotar til det. Tidlegare kom båtane opp att. Men det tek 30 dagar ein veg, seier Ervik.

Og det er berre turen heim til Norge. For å komme seg frå felta som dei fiskar på, og inn til land går det ytterlegare 20 dagar.

– Med dei bunkersutgiftene som var tidlegare, så har vi slutta med å dra tilbake til Norge etter kvar sesong, seier Ervik.

Trass i at båtane er omtrent på andre sida av kloden, har dei tett kontakt med folka om bord, noko som både er kjekt og viktig.

– Vi har dagleg kontakt på e-post, og så pratar vi med dei på telefon innimellom. Det er ingenting som er betre enn å få gode rapportar om at alt står bra til, seier Ervik.