Hopp til innhold

Aldri før har fleire gått i fjellet enn i sommar

SKÅLA (NRK): Hyttene til DNT går mot rekordbesøk denne sommaren. Hytteverten på Skålabu synest det er koseleg når det vert litt trongt.

Skåla

FOLKSAMT: Det går mot eit rekordår i talet på besøkande på Skålabu.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Stadig fleire besøker hyttene til Den Norske Turistforeininga (DNT). Talet på hytteovernattingar i 2018 nærmar seg 500.000, noko som er ny rekord. I fjor var det totalt om lag 450.000 overnattingar registrert på dei 550 hyttene DNT har i Norge.

Ei av dei mest besøkte hyttene til Bergen turlag er Skålabu på Skåla i Nordfjord. I fjor hadde hytta 3373 besøkande, og i år ser det ut til at det blir endå fleire. Hyttevert Geir Inge Bauge på Skålabu synest det er hyggeleg med alle som kjem innom.

Geir Inge Bauge, Skålabu

GODT HUMØR: Hyttevert Geir Inge Bauge fortel at alle som kjem på besøk til Skålabu er i godt humør.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Alle er i godt humør når dei kjem hit, og dei spør om mykje forskjellig. Litt om historia til Skåla, og litt om det nye bygget her, seier han.

Med så mange besøkande kan det til tider verte trongt på hytta. Dette synest ikkje hytteverten er noko problem.

– Det er berre koseleg når det vert litt trongt og mykje folk, så det går heilt fint. Det synest i alle fall eg, og eg trur folk likar det også.

Bauge fortel at rolla som hyttevert inneber å sjå til at folk har det fint, og at dei får hjelp om det er noko dei lurer på. Sjølv med mange besøkande er det ikkje så travelt at han ikkje får tid til å nyte utsikta frå meir enn 1.800 meter over havet.

– Det vert alltid nokre minutt innimellom. Så er det ei stund på formiddagen som ofte er litt stille, seier han

«Dei dumme fjella i Nordfjord»

To av dei som har teke turen til Skålabu er Jon Evensen og Helena Johnsen. Evensen fortel at han har besteforeldre frå området, og at fjellturane i barndomen ofte førte til kommentarar om «dei dumme fjella i Nordjord».

Jon Evensen og Helena Johnsen, Skålabu

– EIT EVENTYR: Jon Evensen og Helena Johnsen har teke turen til Skålabu.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Bestefaren vår drog oss med på tur, og han ville ikkje gå der stiane var. Han gjekk den kortaste vegen, og der var det ofte tuer vi snubla i då vi var små, då kom kommentarane.

Å gå den tilrettelagde stien opp til Skålabu er ifølgje Johnsen ei ganske anna oppleving.

– Det er eit eventyr å gå oppover, det er så fint heile vegen, seier han.

– Det er litt høge steg nokre stadar, og tungt å løfte beina på slutten, men det er utruleg flott det dei har fått til, legg Johnsen til.

– Aktive feriar er i vinden

Helene Ødven er leiar i Bergen og Hordaland turlag. Ho seier at å vere i aktivitet i ferien har vorte meir populært i det siste.

– Det å ha aktive feriar er veldig i vinden. Folk vil vere i aktivitet, og få gode opplevingar og minner saman med familie og vener, seier ho.

Ødven trur også at det fine sommarvêret som har vore i år har gjort utslag på besøkstala til hyttene.

– Vêret har betydd veldig mykje. Folk får lyst ut, og sidan det har vore dag etter dag med fint vêr har det vore mogleg å planlegge turen i god tid.

Geir Inge Bauge, Skålabu

NYT UTSIKTA: Kvardagen som hyttevert er ikkje meir travel enn at det vert tid til å nyte utsikta for Geir Inge Bauge.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK