Hopp til innhold

Aldri før har det vore så mange kvinnelege jegerar

JOSTEDALEN (NRK): Hjortejakt har vore ein seigliva mannsbastion i fleire tiår, men no meiner jegerforbundet at dei ser ei forandring.

Anne Marte Lingjerde på jakt

IKKJE SKOTE HJORT ENDÅ: Anne Marte Lingjerde er fersk jeger, og har endå ikkje skote sin første hjort.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Då eg tok jegerprøva var kvar fjerde på kurset ei jente, så det er ganske vanleg her, seier Anne Marte Lingjerde.

Denne helga byrja hjortejakta over heile landet, og Lingjerde er ute og ser etter hjort ved ein fjellgard i Jostedalen i Sogn. Saman med den røynde jegeren August Evensen håpar ho å få skote sin første hjort.

Dei to er samde om at mennene sin dominans i jegermiljøet ser ut til å vere over, og er ikkje overraska over jegerforbundet kan fortelje at det aldri før har vore så mange kvinnelege jegerar.

– Faktisk var kvar tredje person som tok jegerprøva i fjor ei kvinne, og det er ei radikal forandring frå slik det har vore inntil nyleg, seier informasjonssjef i Norges jeger- og fiskeforbund Espen Farstad.

Anne Marte Lingjerde og August Evensen påta jakt i Jostedalen

HAR TRUA: August Evensen og Anne Marte Lingjerde meiner dei har funne den perfekte staden å jakt hjort her i Vigdalen, ein sidedal til Jostedalen i Sogn.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Før var det nesten ingen kvinner som dreiv med jakt

Farstad fortel at rundt 12 000 menneske har teke jegerprøva for å gjere seg klar til mellom anna hjortejakta, som starta denne helga. Rundt 4000 av dei var kvinner.

Totalt er no kvar sjuande jeger i jegerregisteret ei kvinne, og det er eit stort sprang framover. På syttitalet var det til dømes nesten ikkje ei einaste kvinne som dreiv med jakt, seier Farstad.

Og han trur slettes ikkje det er tilfeldig at så mange kvinner har byrja med jakt.

– Vi gjer faktisk alt vi kan for å få fleire kvinner med på laget, fordi vi trur det er viktig. Skal vi oppretthalde den posisjonen som jakt har i Noreg i dag som ein folkeaktivitet som går på tvers av sosiale lag, så er vi nøydde til å få med oss kvinnene, seier Farstad.

Anne Marte Lingjerde på jakt
Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ingen hjort på den første jakta

Noko av det jegerforbundet sjølv meiner har vore særleg effektivt er å byggje eigne kvinnenettverk rundt om i lokallaga, slik at kvinner møter andre kvinner å reise ut på jakt med.

Anne Marte Lingjerde har ikkje noko behov for å vere med i noko slikt.

Espen Farstad

NØGD: Espen Farstad er fornøgd med at stadig fleire kvinner er interesserte i jakt.

Foto: Knut Brendhagen / NRK

– Eg har både ein far og ein bestefar som har drive med jakt i mange år, så det har vel vore naturleg for meg å kome inn i det. Også tykkjer eg det er veldig spennande å jakte.

Då ho var ute på årets første jakt søndag kveld, fekk ho likevel ikkje skote sin første hjort. Kanskje var det NRK sin utsende journalist som skremde vekk dyra.