Hopp til innhold

Albino linerle i lademuren i Vågsøy

- Du reagerer når du ser noko slikt. Den ser meir ut som ei skjor, ler Roald Levi Halsør om linerleungen han har i lademuren sin.

Albino linerle på garden Halsør i Vågsøy.

Denne vesle krabaten er eit uvanleg syn.

Foto: Roald Levi Halsør

I går kunne NRK fortelje om ein albinotrast i Solund . I haust kom Levi Halsør over eit endå meir uvanleg syn; ein albino linerle.

- I fleire år har eg hatt eit linerlepar i lademuren. Eg trur det må vere ein unge frå årets kull, seier han.

- Kjem den att?

Levi Halsør kom over linerla medan han var ute og spankulerte på garden sin i Vågsøy. Fjærdrakta til linerla var berre delvis kvit.

- Eg er pensjonist og har tid til å gå litt rundt på garden. Linerlene ser eg stadig vekk, men noko slikt har eg aldri sett før. Difor var det litt rart å sjå denne. Det blir spanande å sjå om den kjem att til neste år, ler han.

- Svært sjeldan

Ornitolog Magnar Myklebust i Norsk Ornitologisk Forening stadfestar at ei albino linerle er eit sjeldan syn.

- Personleg har eg vore fuglekikkar i 25 år og eg har aldri sett det. Ein sjeldan gang får vi beskjed om linerler som er heilt eller delvis albino, seier han.

- For nokre år sidan var vi borte i eit tilfelle i Vestfold, men det er ikkje noko vi får melding om kvart år. Albino svarttrast er meir vanleg, held han fram.

Har du hatt nærkontakt og fotografert sjeldne dyr? Tips oss