Hopp til innhold

Alarm hindra storbrann i Sogndalsdalen

Brannvarslingsanlegget hindra ein storbrann på garden til Magnar Uglum i Sogndalsdalen. Men mange hus er ikkje sikra.

Husbrann i Sogndalsdalen

Hus totalskadd i brann

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Søndag føremiddag opplevde Magnar Uglum i Sogndalsdalen alle huseigarar sitt mareritt. Brannvarslingsanlegget varsla brann, medan bonden sat inne i stova.

– Eg gjekk ut for å prøve å slå det av, men då det slo seg på igjen, skjønte eg at noko var gale, fortel Uglum. Plutseleg såg han at logane kom ned gjennom golvet frå loftet, og han reiv eit pulverapparat ned frå veggen og tømde det. Då var det så mykje røyk og varme i andre etasje, at Uglum ikkje klarte meir.

Tømde tre apparat

Etter kvart kom det fleire andre til med pulverapparat, og prøvde å slokke brannen i bustadhuset. Utan stor innsats frå både systrer til Uglum og naboar kunne det gått mykje verre.

– Utan god hjelp og desse tre apparata ville bustadhuset brunne ned, og fjøsen, som ligg berre 10 meter frå, ville og mest truleg teke fyr, seier Uglum. Heile huset har fått store vass- og røykskader og det er umogleg å bu i det.

(ARTIKKELEN HELD FRAM ETTER BILDE)

Torill Anita Segtnan, ingeniør i Førde kommune

Skjekk brannvarslingsanlegget fungerer.

Foto: Oddleif Løseth / NRK

Mange slurvar med brannsikring

Mange trur at dei har alt i orden i heimen, men så viser det seg at verken røykvarslar eller pulverapparat vikar. Det fortel Torill Anita Segtnan, ingeniør ved brannvernavdelinga i Førde kommune. Etaten har hatt fleire kontrollar heime hos folk, og mange blir overraska når dei får beskjed om at ikkje alt er på stell.

– Eit pulverapparat skal ha ei levetid på ti år, og mange har difor apparat hengande som ikkje er brukande, seier Segtnan. Sjekk at både pulverapparat og røykvarslarar verkar, er rådet frå branningeniøren. Har ein brannslage i heimen, må ein rulle den ut på marka og sjekke at slangen virkar, seier Segtnan.

Trudde ikkje det skulle skje meg

Bonden i Sogndalsdalen er glad for at ingen kom fysisk til skade i brannen, men seier det er eit sjokk når slikt skjer.

- Det er så trasigt at det er heilt forferdeleg, ei skremande oppleving som ein ikkje trur skjer ein sjølv, seier Uglum.

Huset har fått store vass- og røykkader og det vil ta lang tid før Magnar Uglum og familien kan flytte heim.