NRK Meny
Normal

Isabel er ein av få som vil jobbe med å lage mat til andre

SANDANE/FØRDE (NRK): Lærling på Sunnfjord Hotell, Isabel Stang, er ein av stadig færre som satsar på kokkeyrket.

SJELDAN VARE: Isabel Stang er ein av få som vel å satse på kokkeyrket. Behovet er langt større.

– Slik status er no, er det eit akutt behov for folk som tek kokkeutdanning, seier Tom-Øyvind Solheim, dagleg leiar i Nordfjord Opplæringskontor.

Han er på Gloppen Hotell for å halde eit instruktørkurs for bedrifter som ynskjer å ta i mot lærlingar.

Kenneth Kirkhorn er ein av 17 som deltek på kurset. Han er assisterande kjøkkensjef på Gloppen Hotell. Der jobbar han tett med lærlingane deira.

Tom-Øyvind Solheim på instruktørkurs for bedrifter.

HELD INSTRUKTØRKURS: Tom-Øyvind Solheim hjelp bedrifter til å ta i mot lærlingar.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Lærlingsbehovet har aldri vore høgare. Me må rekruttere og det må gjerast no, seier Kikhorn.

– Bedrifter som melder inn lærlingplassar har vore stabilt, men færre søkjer desse lærlingstillingane. Kokkelærlingar har mangla over tid, og det kan tilsetjast mange fleire om me hadde kandidatar, seier Solheim.

I 2017 mangla det 850 kokkar i Noreg, viser bedriftsundersøkinga til NAV. NRK har tidlegare skrive om Birkelandsbreen Fjellhytte som må hente kokkar frå Italia. For å fylle etterspurnaden trengst det 177 fleire kokkelærlingar og problemet vil bli større i framtida.

Låg lønn

Isabel Stang lagar salat

ISBERGSALAT: Isabel Stang er i gang med å lage salat til gjestene på Sunnfjord Hotell.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Isabel Stang er ei av dei 21 kokkelærlingane i Sogn og Fjordane. Ho trur det er mange grunnar til det låge lærlingtalet.

– Det er jo eit hardtarbeidande yrke, og eit yrke med låg lønn, seier kokkelærlingen.

Tarifflønn for ein nyutdanna kokk med fagbrev er 27.500 kroner pr. månad. Etter ti år aukar lønna til knappe 30 000 kroner.

Stang meiner bedrifter kan ta i mot elevar på utplassering og vise korleis det er å jobbe i ein restaurant eller eit hotell.

– Det kan gjere det veldig attraktivt, seier Stang.

Ut til skular

Kenneth Kikhorn følgjer med på instruktørkurset.

I GANG MED ROLLESPEL: Kenneth Kikhorn tek rolla som interessert lyttar.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Me er veldig tydelege på at det ikkje hjelper å henge opp ein plakat. Me er nøydde til å vere ute med elevane, seier Solheim. Han meiner bedriftene må ut til skular for å vise fram kokkefaget.

Gloppen Hotell skal samarbeide med opplæringskontoret for å auke interessa for kokkefaget.

– I staden for å informere teoretisk framfor ein skuleklasse so skal me lage mat saman med dei. Eg trur det kan auke søkjartalet, seier Kirkhorn.

Instruktørkurs for bedrifter på Gloppen Hotell

OBSERVERER: Tom-Øyvind Solheim følgjer med under rollespelsøvinga.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

God oppleving i fokus

I konferanserommet på Gloppen Hotell er representantar frå ulike bedrifter i fylket i gang med eit rollespel. Dei fortel historier til kvarandre og øver på korleis kroppsspråket til lyttaren påverkar den som fortel.

– Det er viktig for framtida at bedriftene tek godt vare på lærlingane. Me må sørge for at dei får ei god oppleving av lærlingstida, seier Solheim.

21 av dei 673 kokkelærlingane i landet er i Sogn og Fjordane. Det er rom for om lag 30 fleire kokkar i fylket.

– Karrieremoglegheitene i kokkefaget er veldig gode. Er du flink får du jobb, seier Solheim.