Av Tone Lin Støfring og Brit Jorunn Svanes
Det er draumen til alle politikarar, men det er ikkje god skikk å seie det. Dei ønskjer seg alle ein statsrådpost. Difor er det så mykje mystikk og hemmelighetskremmeri rundt forhandlingane som føregår på Soria Moria. Men for nokon byr sjansen seg no.
Heite kandidatar
Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet og Heidi Grande Røys frå SV er dei to heitaste kandidatane frå Sogn og Fjordane som høvesvis statsråd og statssekretær. Det meiner Alfred Bjørlo, som er tidlegare politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet.
- Forhandlingane som no føregår på Soria Moria er viktige for Sogn og Fjordane. Det er viktig både for dei personane som vil kunne få ein flott sjanse og for fylket å vere representert i apparatet, meiner han.
Bjørlo seier at partia no konsentrerer seg om å spele inn gode namn.
Korta tett til brystet
For alle fylkeslaga til partia har komme med ei liste med namn dei meiner kan vere aktuelle kandidatar til dei ulike statsrådpostane. Truleg har dei og kome med forslag til både politiske rådgjevarar og statssekretærar. Men fylkeslaga held korta tett til brystet når det gjeld å røpe namn.
Sterk og handlekraftig
Det som likevel er sikkert, er at Senterpartiet har føreslått Liv Signe Navarsete som statsråd, og SV har spelt inn Heidi Grande Røys som kandidat. Frå før veit vi at Steinar Dvergsdal er føreslått som landbruksminister. Han har fleire verv i landbruksorganisasjonar. Og Dvergsdal vert rekna som ein handlekraftig og sterk leiarfigur med mot til å stå for upopulære standpunkt.
Sande og Vereide
Det er dessutan grunn til å tru at også Erling Sande frå Senterpartiet, som er ein ung, men politisk røynd mann, kan vere eit aktuelt namn på lista til Senterpartiet. Truleg er også Per Rune Vereide å finne på lista til Senterpartiet.
Solhjell sentral
Fleire vi har snakka hevdar hardnakka at dei ikkje står på listene. Mellom dei er den politiske strategen til Senterpartiet, Knut M. Olsen. Fylkesleiar for Arbeidarpartiet, Tor Bremer, seier han heller vil engasjere seg lokalt. Også Magne Aardal i Sosialistisk Venstreparti nektar for at han står på lista. Men vi skal ikkje gløyme at partisekretæren i SV heiter Bård Vegard Solhjell og er frå Naustdal. Han er heilt sikkert ein mann som vil jobbe for at fylket blir representert i regjeringa.
Eit tungt ansvar
For den eller dei som er heldige og får namnet sitt opp av hatten når den nye regjeringa blir presentert måndag 17. oktober, er det venta at dei skal representere fylket, eit stort og tyngande ansvar som ikkje alle har lukkast med tidlegare.