Hopp til innhold

Aktive fotoboksar i Lærdalstunnelen

Tunnelen kjem på topplista over dei tjue mest aktive fotoboksane i landet.

Lærdalstunnelen

Her er det stor fare for å bli oppdaga dersom ein kører for fort.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

På den vel 24,5 kilometer lange strekninga gjennom Lærdalstunnelen på Europaveg 16, er det heile fem fotoboksar.

På listetopp

Desse boksane kjem på ei oversikt VG har presentert om aktive fotoboksar. Lærdalstunnelen er ikkje nemnt som den mest pengeinnbringande tunnelen, men er heilt oppe på andre plass over dei 20 mest aktive boksane i landet.

Målinga viser at det køyrer mange fartssyndarer på denne strekninga. 3,55% av bilane som har køyrt inn i tunnelen blir fotografert.

Les meir: Her blir flest tatt av fotobokser

God erfaring

Dei fem boksane er ikkje aktive til ei kvar tid, men har alle digitale kamera som kan aktiverast kor tid som helst.

– bakgrunnen for fotoboksane i Lærdalstunnelen vart montert pågrunnlag av testar i Fodnestunnelen på Riksveg 5. Etter å ha sett opp ei elektronisk fartstavle i tunnelen, vart det seinare målt fart under fartsgrensa andre stader i tunnelen. Det seier Thormod Gausdal i Statens vegvesen, Region vest.