NRK Meny
Normal

Aksjonerte mot bomring for å sanke Frp-stemmer

Frå klokka sju i dag tidleg, kunne du sjå Frp-medlemmer med skilt på dei stadane der det mest truleg kjem bomring når denne kjem på plass rundt Førde.

Bomring rundt Førde

VIKTIG VAL: Frp med fylkesleiar Frank Willy Djuvik i midten, oppmoda folk om å stemme Frp viss dei ikkje vil ha bomring. Til venstre står Bjrøg Refvik, til høgre Tommy Arne Hop.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er snart stortingsval. Og i mylderet av politiske saker der det er vanskeleg å skilje mellom partia, så er dette ei heilt konkret sak som for innbyggjarane i Førde og i kommunane rundt vil bety veldig mykje, seier leiar i Sogn og Fjordane Frp, Frank Willy Djuvik.

Han legg til at det berre er stortingsvalet 9. september som avgjer om innbyggjarane i Førde skal betale bompengar for å køyre til og frå jobb eller ikkje.

– Det er berre viss Frp får nok makt at vi klarar å stoppe dette, seier Djuvik.

Bilistane betalar nok

Ifølgje Frp vil bomringen rundt Førde koste dei med personbil 20–30 kroner passasjen, 1500 kroner i månaden.

– Er ikkje det ein grei pris med tanke på at ein skal ruste opp vegane her for 1,5 milliardar kroner?

– No er det slik at bilistane i Norge betalar inn 50–60 milliardar kroner årleg i bilavgifter. Dei pengane er meint til å skulle brukast til å byggje vegar og sykkelvegar og anna infrastruktur, seier Djuvik.

Men langt frå alt av denne summen vert brukt til vegar.

– Det offentlege brukar berre ein tredel av det tilbake til vegar. Då blir det ganske håplaust at bilane skal betale ein ekstraskatt på kanskje så mykje som 18.000 kroner i året i tillegg til det dei allereie har betalt inn. Det meiner vi er heilt feil, seier Djuvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Tore Kilnes

PÅ E39: Jan Tore Kilnes heldt skiltet på innkøyringa til Førde frå vest på E39.

Foto: Rune Fossum / NRK

«Ei stemme til Frp er ei stemme mot bomring»

Aksjonen vart starta klokka 07, og reaksjonane har ikkje latt vente på seg.

– Førebels har vi berre fått positive reaksjonar. Vi deler ut kaffi, flygeblad, folk tutar når dei køyrer forbi, så førebels er vi veldig nøgde, seier Djuvik.

– Viss Frp vinn stortingsvalet, vil de kunne påverke om det blir bomring eller ikkje rundt Førde?

– Utan tvil. Frp har som ei av sine viktigaste saker i valet å byggje bomfrie vegar Norge. Ei stemme til Frp er ei stemme mot bomring. Eg håpar vi skal få den makta som skal til. Men då må innbyggjarane i Førde vise at dei faktisk er i mot bomringen, seier Djuvik.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.